Slåttefestivalen byd utover NM i ljåslått på eit rikhaldig kulturprogram, mat– og handverksmarknad, kunstnariske og lærerike utstillingar – og parallelt eit stort kulturlandskapsseminar, i år med gjesting av Nordisk Kulturlandskapsforbund. Dette kan du lese meir om på dette på www.kulturlandskapssenteret.no.
Fredag 17. juni er det Kulturkveld på Bergtun, som startar presis klokka 19. Herr er Ann Kristin Aafedt Flatland og Sven Tore Løkslid programleiarar. Under fellesnamnet Sty lovar Unni Boksasp, Sigbjørn Rua og Per Anders Buen kveding, spel og sprek dans, medan revygruppa Heilt Nils frå Notodden kjem med nye spark i aust og vest. Seinare på kvelden vert det òg slåttepub på Bergtun.
Laurdag vert det opning av slåttedagen i Kyrkjeparken, der det m.a. er slåttetevling og NM i ljåslått. Det er underhaldning frå scena med folkemusikktrioen Gjetord, lokale innslag og utdeling av prisar. Heile dagen er det slåttemarknad med lokalt handverk, husflid, mat og aktivitetar for born. Det er elles kunstutstilling med Aasne Slåttelid i Gamleskulen, samt ljosbileteserie og temautstilling i Prestegardslåven.
Klokka 20 er det dansefest på Prestodden, der Staut går på scena litt utpå kvelden. Staut har spela folkerock sidan våren 20098, og består av Gaute Lein Ausrød (vokal, gitar, mandolin), Ørnulf Juvkam Dyve (tråorgel, trekkspill, kor), Asle Tronrud (fele, hardingfele), Dag Arve Sandnes(gitarer), Tom Jonli (trommer) og Torgeir Bolstad (kontrabass).
Hjartdal er ei av tre bygder i Hjartdal kommune. Dei andre to bygdene er Sauland (kommunesenteret) og fjellbygda Tuddal under Gaustatoppen. Slåttearenaen er like ved Hjartdal kyrkje, som saman med Kyrkjeparken ligg i Nordbygda i Hjartdal.
Interesserte kan gå til heimesidene til Slåttefestivalen på denne lenka. Her finn du m.a. bildegalleri, konkurranser og relevante linkar.