Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta.

I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade. Det er med andre ord ein mildare form for kappleik enn den vi er vane med. Her er det bare vinnarar, og kappestriden er lagt vekk. Borna opplever glede gjennom eiga framføring, og gjennom kvalifiserte og positive råd får dei lyst til å øve vidare.

- Målet er å gi ei god trening i å opptre, og få så mange unge som råd fram på scena, fortel arrangørane.

For unge utøvarar innan folkemusikk har dette tiltaket vist seg som eit svært motiverande mål å arbeide mot, og slik er det blitt eit viktig ledd i rekrutteringa. Spelemannslaga i Bø og Seljord har faktisk ”brøyta veg” når det gjeld slike arrangement. Det vert no arrangert sjokoladekappleik mange andre stader i landet også, noko FolkOrg gjerne stillar seg bak.

- Det er viktig å ha ein arena for å vise fram det ein driv med innan musikk og dans, og det er viktig å starte i ung alder for å bli trygge på scena. Først og fremst er det moro på Sjokoladekappleik, fortel arrangørane.

Første gong Sjokoladekappleiken i Seljord vart arrangert var i april 1999. Alle gongane har det vore stor deltaking av boprn og unge i alderen 4 – 20 år. Premiane er stort sett sjokolade som vert sponsa av lokale forretningar. I tillegg vert det delt ut inspirasjonsprisar.

Kappleiken i Seljord går føre seg frå 12 til 16 på laurdag. Du finn meir informasjon om arrangementet her hos Origo.no.  Interesserte finn elles tips og gode råd for korleis du skal gjennomføre ein vellukka sjokoladekappleik på denne sida hos FolkOrg.