Nyleg kunne me lesa på nettsidene til avisa  "Ballade" om fylgjande:

Forfall av kjønnsrollemønster i folkemusikken?

Musikkforskar Mats Johansson beskriv folkemusikken som ein sjanger i sterk utvikling. Framover vil han sjå nærmare på kjønnsuttrykk og kjønnsroller innanfor den norske folkemusikken.

Mats Johansson har halde innlegg på seminar, arrangert av MIC Norsk musikkinformasjon og Institutt for musikkvitskap (IMV): "Populærmusikk og kjønn i en transkulturell kontekst". Seminaret markerte oppstartinga av forskingsprosjektet "Popular Music and Gender in a Transcultural Context", leda av populærmusikkforskar Stan Hawkins ved IMV, melder Ballade.

Sitat:

"Som prosjekttittelen tilseier, adresserer populærmusikkforskarane mellom anna spørsmål kring kjønn. Her vert særskilt den norske musikken plassert under lupa. Ein av prosjektdeltakarane, Mats Johansson, har tidlegare forska på rytmiske mønster i den norske folkemusikken. Folkemusikkperspektivet er noko han tek med seg vidare inn i dette prosjektet.

- Norsk folkemusikk har vore ein ganske isolert musikkform gjennom store delar av 1900-talet. Den har vorte forvalta av spesielt interesserte, entusiastar og organisasjonar, og har vore ei eiga verd på godt og vondt. I dag er sjangeren under sterk utvikling med aukande profesjonalisering og institusjonalisering, parallelt med at leiande musikarar nærmar seg populærkulturen i presentasjonen av seg sjølv og sin musikk.

På generell basis finnast det lite forsking på folkemusikk og kjønn innanfor akademia. Mats Johansson har latt seg inspirere av korleis tradisjonelle kjønnsrollemønster no står for fall innanfor den norske folkemusikken.

- Norsk folkemusikk har historisk sett vore ekstremt mannsdominert med den ansvarslause og "farlige", men karismatiske og virtuose spelemannen som sjølve symbolet for sjangeren. Det finnast derimot liten plass for kvinna utover rolla som tilskodar i det romantisk framstilte biletet. I dag er bildet, i alle fall overflatisk sett, eit heilt anna. Kvinnelege folkemusikarar er nærmast leiande i sjangeren, ikkje minst med tanke på artistisk sjølvstende og ved å skape seg ein posisjon i det samtidige musikklandskapet."

Sitat slutt.  

Ein del gode kvinnenamn blir nemnt i høve saka og det er både vel unnt og hyggeleg, men det er også mange framståande kvinner som ikkje er tatt med " i det gode selskap". Men nok om det. Kappleiksånda i musikklivet er like aktiv utom som innom konkuransearrangementa. Stor, større, størst og maktrangering tykkjest å vera eit ynskjeemne mellom sume mediafolk.

Mats Johansson har heilt rett i at ei rekke kvinner idag markerer seg i det offentlege biletet, som tradisjonelle og nyskapande utøvarar innan vokalmusikk,  på fele og hardingfele. Mykje er svært bra og prestasjonane til dels meisterlege, men musikken er jamt ikkje så i tråd med tradisjonen dei visar til. Lån frå andre land, serleg frå vestlege folkemusikktradisjonar, er og svært høyrbare, såvel i komposisjonar som arrangement. Mykje kan ikkje kallast utvikling av slåttespel, men meire fritt  instrumentalspel, i ulike sjangrar. Han har sjølvsagt rett i at mange fleire kvinner står fram i yrke som tidlegare har vore mannsdominerte, men det er da ei heilt generell sak i det moderne samfunnet. I vår moderne tid er mange  kvinner svært aktive, skulerte, sjølvhevdande og dominerande.

Mykje av dette er svært positivt, men det skortar likevel ein god del på å fylla den rolla som den tradisjonelle spelemannen stod for. At Johansson framstiller historiske spelemenn som "farlege" stussar eg difor over. Mange spelemenn har vore historikarar, forteljarar og diktarar i tillegg til musikken dei rådde over. Dei tok vare på kulturen i bygdane, ja byar og. Dei skapte og samla i det stille og hadde stor lokal, men også nasjonal innverknad på sikt. Det blir for lettvint au å tru at berre mediafokuserte folk tyder og har tydd noko. Kvinner i folkemusikken har eigentleg vore vesentlege i alle hundreår bakover i tida. Har laga melodiar i stor mun. Men folkemusikk var ikkje så mykje signert før som no. Idag er det motsatt, på grunn av Tonoavgift og avrekningar for komposisjon og arrangement.

Det er diverre mykje tileigning idag, utan kjeldeopplysningar. Og kjende diktarar blir nermast offer for iherdig melodiskaping av utøvarar som trur seg vel mykje som komponistar. Det er hyggeleg at folk realiserar evner, men det er også merkeleg at det brått skal vera slik at folk brått kan produsera så mykje innan eit område som tidlegare var så sjeldsynt vare. Er kritikken blitt vel positiv?  Det var melodikvaliteten som avgjorde framtida for slåttar og songar før. Det var ein streng domar. No er det like mykje propaganda og iherdig marknadsføring som gjer susen. Det kan misbrukast.

Det må også vera litt merkeleg for dei mange spelemenn i landet å få ei slik ause over seg som den Johansson leverer. Me som veit noko om stoda til felemusikken i landet kan vel ikkje heilt gå med på slike påstandar som denne forskaren stiller med. Det skortar vel ikkje på mannlege felespelarar med gode prestasjonar idag, eller kva?

For ikkje å framheva eller gløyma nokon avstår eg frå å gi døme på kven eg skulle meina at tyder noko. Det er fleire og slik synsing blir ei smaksak, no som før. Idag har me ein stor stab av personar, både kvinner og menn, som hevdar seg i crossovermusikk, frie tonefantasiar og moderne musikkblandingar. Men det finst også tradisjonelle spelemenn som har krav på å bli sett.

At sume forskarar prøvar å manipulere dette biletet er heilt synbart og nokså underleg. Me hadde liknade tilfelle med den forskingsrapporten Norsk Kulturråd kosta, på bestilling av NFD, for ei tid attende.  Resultatet til forskaren Arnestad var basert på offentlege utspel og utøving, men lite på samtaler med arbeidande folkemusikarar, generellt.

Ein fekk inntrykk av at mange som hadde gjort mest for å samle og formidle  slåttespel og kveding var folkemusikkens verste fiende. Det held ikkje å framstille påstandar berre på grunnlag av avisoppslag, debattinnlegg og mediakjør når det gjeld folkekultur. Det må gjerast ei breidare og meire omfattande innsamling av fakta. Eigentleg er ei slik forskning nokså meiningslaus og burtkasta, spør du meg.

At me har flinke slåttemusikarar mellom jenter er ei sanning, men det er ei grov lygn å framstille dette på grunnlag av avtakande mannleg engasjement og yrkesutøving. For jenter er flinke og på framgang, såvel i kunnskap, skulering, fagutøving og som tilsatte i samfunnsstillingar.

Når det gjeld engasjement og rekruttering på mannssida tykkjer eg det heller kan etterlysast kor det går med oppfylgjing og interesse for kveding og song. Visst har me gode mannlege songarar, sume er jamvel feira popidol. Men det er mangel på menn, både i kollektive og solistiske songsamanhengar.

Når dette er sagt så vil eg vone at ikkje dei tradisjonelle kvedarane våre skal bli framstillt som "farlege", slik  som spelemenn, til dels, blir gjort av Johansson. Det kan da ikkje vera destruktivt å ha vore kjelder og store fyredøme gjennom tidene.

-- Knut Buen

Den opphavelege artikkelen hos Ballade.no kan interesserte lese her.  Som vanleg tek vi gjerne imot innlegg frå lesarane, som kan sendast til info@folkemusikk.no.