Kviteseid Bygdetun er eit av Noregs eldste bygdetun, og det vart feira 100års-jubileum i 2007. Bygdetunet ligg i nærleiken av Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard, og er ein av tolv einingar under Vest-Telemark Folkemuseum. Museets samlingar dekkjer tema som folkekunst, handverk, brynesteinshistorie, skihistorie, polarhistorie, kraftutbygging, gruvehistorie og kunsthistorie.

“Turné og tur upptatt” er eit bygdenorsk underhaldningsprogram med musikkgruppa Bygdebris, som kjem frå Hjartdal og Seljord, samt tuddølen Knut Buen. Tittelen er henta frå replikktradisjonen etter spelemannen Jørgen Tjønnstaul, som ein gong satt på bussen frå Dalen og skulle heim til Rauland. Sidemannen spurte Tjønnstaul om han var på turné, og fekk prompte dette svaret: - Nei, eg er på tur uppatt no!

I gruppa Folkebris finn me Helge Flatland (tangentar), Kjetil Flatland Jensen (saksofon og vokal) og Frode Flatland Jensen (slagverk). Dei er alle i slekt, og har m.a. bakgrunn frå jazzmusikken. I denne samanhengen opptrer dei saman med Knut Buen, og har satt i hop eit musikalsk program om opp- og nedturane i livet. Her får ein både slåttar, viser og salmer, i tillegg til bygdehumor og bygdealvor.

Bygdedagen startar med messe i Kvitseid gamle kyrkje klokka 11. Deretter vert det sal av graut, spekemat, pølser og meire til. Alle kan få prøve seg i klypelyft-meisterskap, og måle krefter i tradisjonen etter Sterke-Nils, samstundes som Kviteseid Husflidslag feirar 30 års jubileum. Klokka 13 vert det kulturprisutdeling ved Kviteseid kommune, samt trekking av kunstlotteri ved Vrådal og Fyresdal målarklubb.

Konsertprogrammet med Knut Buen og Bygdebris tek til klokka 14. Vaksne må betale 150 kroner for inngang til heile bygdedagen, medan barn under 15 år går gratis. Sjølve bygdetunet er opent frå klokka 10 til 18.

Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Bygdetunet har fleire utstillingar, omvising og eit rikhaldig kulturprogram gjennom heile sommaren.

På denne sida hos Vest-Telemark Folkemuseum kan du ta ein digtal rundtur i Kviteseid Bygdetun, og lære meir om dei einskilde husa. På hovudsida til museet kan du òg lese om dei andre attraksjonane deira.