Frå 1976 og framover til midten av 1990-åra gav Buen Kulturverkstad ut rundt 100 kassettproduksjonar med diverse opptak  av legendariske spelemenn, kvedarar, diktarar, forteljarar og folkelege artistar, soloframført og i ulike arrangement.

- Dette gjeld hundrevis av slåttar, viser, stev og salmer, segn og soger, eventyr, dikt og nyskaping. Mykje på grunnlag av viktige tradisjonskjelder, seier Knut Buen om den store satsinga.

Arkivstoffet som no gjeld t.d. gamle opptak på pathefonplater og 78-plater. Dei eldste, med m.a. hardingfelespelarane Ola Mosafinn fra Voss og Knut Dahle fra Tinn i Telemark, innspela i 1912.

Vidare kjem ei rekke arkivopptak som Buen Kulturverkstad har hatt tilgang til, og ellers har produsert med ulike artistar gjennom åra. Det gjeld stoff som i høg grad har vore, og framleis er, kjelder for dagens utøvarar, opptak med mange av landets fremste folkemusikarar og artistar i sine beste innspelingar.

Med kassettproduksjon og CDar på nett byd Buen Kulturverkstad på spelemannslegender som Sigbjørn B. Osa, Hilmar Alexandersen, Torkjell Haugerud, Kristiane Lund, Arne Bjørndal, Eilev Smedal, Kjetil Flatin, Halvor og Gunnulf Borgen, Jørgen Tjønnstaul, Gjermund Haugen, Olav, Kjetil og Einar Løndal, Jens Myro, Leif Rygg, Øyvind Brabandt, Olav Sataslåtten, Lars Skjervheim, Per Anders Buen Garnås, Torgeir Straand, Torleiv H. Bjørgum, Eivind Mo,  Jens Amundsen, Bjarne Herrefoss, Hauk Buen, Anders Buen, Bergit Tjønn, Knut Buen, Olav Flåto, Olav Øyaland, Johannes Dahle, Gunnar Dahle, Hølje Wårstulen, Svein Haugetrå  m.fl.

Innan kveding er det kapasitetar som Agnes Buen Garnås, Ingvill Buen Garnås, Magnhild Almhjell, Brita Bratland, Ingebjørg Liestøl,  Sondre Bratland, Arve Moen Bergset, Aslak Brekke, Talleiv Røysland, Margit Buen, Dordi Bergheim, Aslak Høgetveit, Knut Askje, Anne Gravir Klykken, Åste Nisi, Margit Finnekåsa, Lavrants Østtveiten, Høye Strånd, Jarand Reflebrekk, Olav Haugen, Olav Stuvrud, Systrane Hovde, Sinikka Langeland, Ellen Nordstoga m.fl.

Av kåseri, forteljing og diktopplesing nemnest opptak med: Birgit Gjernes, Aslaug Vaa, Halldis Moren Vesaas, Rhoda Bulter, Olav Flatastøyl, Hallgrim Berg, Knut Buen og Aslak Høgetveit. Berre med skodespelaren Finn Kvalem finst tre produksjonar: "Vårt Telemark", der Kvalem les dikt,  "Lill, lill, lye", barneeventyr frå Telemark, og "Dreng Dristug" - erotiske eventyr og saftige soger frå Telemark.

Av musikalske medspelarar på ulike utgjevingar nemnest: Kåre Nordstoga, Warren Carlstrøm, Einar Steen-Nøkleberg, Guttorm Guttormsen, Notodden Bluesband, Knut Arne Snøås, Toralf Sletta, Steinar Ofsdal, Jai Shankar, Torjus Vierli, Frøydis Grorud m.fl.

- Stoffet gjev til saman eit breidt bilete av  bygdenorsk folkesjel, i sorg og glede, seier Knut Buen sjølv. 

- Dette er kultur som har runne av liv og lagnad gjennom hundreår, av skiftande sinnelag og i trendar av tider og tradisjonar.  Ein av dei mest legendariske på forlaget er Jørgen Tjønnstaul. Han sat på Raulands-bussen, på heimtur frå Dalen og sidemannen spurde om han var på turne? "Nei, eg æ på tur uppatt no!" svara Jørgen.

Interessserte finn  heile katalogen til Buen Kulturverksted på denne sida hos Musikkonline. Også strømmingstenesta WiMP gjev no utgjevingane stor merksemd, og lar deg høyre all musikken. Dette kan du  lese meir om denne sida.