Konsertane blir arrangert i festsalen på Valdres folkemuseum, ein møteplass der kafeen er open og du kan svinge deg i dansen etter konserten. Austnorsk folkemusikksenter samarbeider med ulike medarrangørar frå konsert til konsert. Julekonserten 17. desember er lagt til Tingnes kyrkje.
Dette er konsertane hausen 2011:
1. september : ”Norske og skotske tonar”
Per Anders Buen Garnås frå Telemark (hardingfele) og Anna Massie og Mairearad Green frå Skottland (gitar, fele, mandolin og banjo). Anna og Mairearad er ein allsidig duo frå Skottland. Dei har vunne ei rekkje prisar, mellom anna the BBC Radio Scotland Young Traditional Musician of the Year 2003 Award. Per Anders vann landskappleiken i 2010, og han har elles vunne Fanitulltevlinga på Ål heile fire gonge.
Festsalen på Valdres folkemuseum kl 19.00. I samarbeid med Ta:lik.
29. september : Hildrande tonar frå haug og himmel
Ole Aastad Bråten, Knut Aastad Bråten, Erik Røine, Hallgrim Berg og Bodil Haug. Langeleik, munnharpe, song og gode historier.
Festsalen på Valdres folkemuseum kl. 19.00. Samarbeid med Vårflaumen spel- og dansarlag.
21. oktober: Aftenstemning, Bjørnson-program.
Camilla Granlien og Kristin Sevaldsen med band.
Festsalen på Valdres folkemuseum kl 19.00. Samarbeid med Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet.
13. november: Gabriel Fliflet og gruppa NOVGOROD.
Festsalen på Valdres folkemuseum. Samarbeid med Valdres folkemusikklag kl 19.00. Del av Kulturlaupen i Nord-Aurdal.
17. desember: Julekonsert med folkemusikkgruppa Majorstuen.
Medverkande: Songgruppa Harmonica.
Tingnes kyrkje kl 18.00. Samarbeid med Valdres Natur- og kulturpark.
Valdres scene er drifta av Austnorsk folkemusikksenter. Dette er eit kompetansesenter for rytmisk musikk på austlandet, med basis i folkemusikk, og med Bente Hemsing som dagleg leiar.
Folkemusikk.no kjem tilbake med nærare opplysninger om dei einskilde tilskipingene. Interesserte må elles gjerne gå til nettsida til Valdres Scene, som de finn som ei underside til www.hilme.no.