Øystre Slidre spel- og dansarlag ynskjer alle velkomne til dansefest på Tingvang. Det blir ein storstilt dansefest i Kaffesalen med spelemennene Jan Beitohaugen Granli, Magne Olav Selland, Laura Ellestad og Knut Oddvar Rogne med vener.
Dørene opnar klokka 19.00, og frå klokka 19.30 blir det servering av rykande varm kjøttsuppe til alle. For dei minste er det pølser på menyen. Det blir høve til å få kjøpt godt drikke av mange slag.
Hallingdansarane frå kulturskulen vil danse litt for oss, og dei lovar både hattespark og spreke godkarstykkje.
Etter maten blir det godt og variert dansespel. Mellom anna vil Jan Beitohaugen Granli, Magne Olav Selland, Laura Ellestad og Knut Oddvar Rogne med vener syte for drivande godt springar- og runddanslæte.
Utover kvelden blir det også sal av kaffe og kaker.
Denne festen kostar berre 150 kr for vaksne, og 100 kr for ungdom frå 8 til 18 år. Det er gratis inngang for alle under 8 år.
Påmelding kan skje til Tove Grethe Kolstad på telefon 900 51628 innan 15. april.
Interesserte kan lese meir på www.hilme.no, som er den nye fellesportalen for folkemusikken i Valdres. Her finn du nyhende frå m.a. Jørn Hilme-stemnet, Strunkeveko, Valdres Folkemusikklag og Valdres scene.