Duo Jansen/Jüssi

I denne duoen finn du Jo Einar Jansen frå Frosta og Johanna-Adele Jüssi frå Estland.  Dei to traff kvarandre gjennom musikkstudier i Norden, og saman leverer dei tøff trøndersk og energisk estisk tradisjonsmusikk i tillegg til eigenprodusert materiale.

Tysdag 12.mars: Voss, Kafé Tre Brør
Onsdag 13.mars: Bergen, Krystall Bar
Torsdag 14.mars: Tromsø, Café des Beaux-Arts
Laurdag 16.mars:  Stjørdal, BS Pub
Sundag 17.mars:  Trondheim, Antikvariatet
Tysdag 19.mars:  Mosjøen, Heime hos Ane
Laursdag 23.mars: Larvik, Bølgen
Laurdag 23.mars: Oslo, Welhavens Café

> HØYR DUO JANSEN/JÜSSI


sol i skuggeskog cover.indd

Sol i Skuggeskog

Denne gruppa spelte for fyrste gong under Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal i 2011, der dei fekk andreplass i open klasse. Seinare har dei gjeve ut fleire singlar på plateselskapet ta:lik, og spelt fleire konsertar. Gruppa tek utgangspunkt i Skjåk-diktaren Finn Sandum sine tekstar, og blandar dette med impulsar og element frå den norske og amerikanske folkemusikktradisjonen. I gruppa finn du mellom anna Øyvind Sandum, Ingrid Lian-Bjørgum, Einar Lian-Bjørgum m.fl.

Torsdag  14. mars: Riksscenen, Oslo
Fredag 15. mars: Hamar Kulturhus
Torsdag 21. mars: Sunndal kulturhus
Fredag 22. mars: Antikvariatet i Trondheim

> HØYR SOL I SKUGGESKOG

Gjermund Larsen Trio

Trioen er kjend for dei fleste, og har to utgjevingar og eit knippe prisar med seg i bagasjen. Trioen utforskar uttrykk i skjeringspunktet mellom tradisjonsmusikk, jazz, klassisk og samtid på sitt heilt eige vis. No er trioen aktuell med den nye plata ”Reise”, og reisefølget ut på tur er som vanleg Gjermund Larsen på fele, Sondre Meisfjord på bass og Andreas Utnem på trøorgel.

Torsdag 14. mars: Kirkefestuka, Molde
Fredag 15. mars: Dokkhuset, Trondheim
Laurdag 16. mars: Columbi Egg, Bergen

> HØYR GJERMUND LARSEN TRIO
 

The Nordic Fiddlers Bloc

I denne energiske feletrioen finn du musikarane Olav Luksengård Mjelva (Noreg), Anders Hall (Sverige) og Kevin Henderson (Shetland).  Dei tre har allereie varma godt opp med konsertar vinterfestspela på Røros i helga, og seinare i vår legg dei ut på utanlandsturné. Men denne veka kan folk i Steinkjer, Tromsø og Målselv oppleve den kruttsterke trioen.

Torsdag 14. mars – Steinkjer, Cafe Madam Brix
Fredag 15. mars  - Tromsø, Café des Beaux-Arts
Laurdag 16. mars – Målselv, Rundhaug

> HØYR THE NORDIC FIDDLERS BLOC


 

Gjertruds Sigøynerorkester m/ Susanne Lundeng

Gjertruds Sigøynerorkester er kjend som formidlar av østeuropeisk sigøynermusikk, men musikarane har kvar for seg så arbeidd med norsk folkemusikk. No skal dei samarbeide med det nordnorske felefyrverkeriet Susanne Lundeng, og på konsertane vert det både tradisjonsstoff og Susanne Lundengs eigne komposisjoner med nye fargar og ekstra trøkk.

Torsdag 14. mars: Oslo, Valkyrien restaurant
Fredag 15. mars: Oslo, Riksscenen
Laurdag 16. mars: Sarpsborg, Soli Brug

 

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga

Heimafrå - Ingebjørg Harman Bratland & Odd Nordstoga

Saman med Odd Nordstoga har Ingebjørg Harman Bratland teke utgangspunkt i tradisjonsmaterialet  heime frå Vinje og området rundt, og laga nytolkningar av dette. Resultat finn du på albumet ”Heimafrå”, som har fått svært god omtale i pressa den seinare tida. Førre veke starta dei turneen som til saman kjem til å nærme seg 100 konsertar. Denne veka er det Setesdal og Vest-Telemark som står for tur.

Tysdag 12.mars: Rauland, Vinjesalen Raulandsakademiet   
Onsdag 13.mars: Hovden i Setesdal, Grendehuset Hovden   
Torsdag 14.mars: Rysstad, Sølvgarden Hotel   
Fredag 15.mars: Dalen, Tokke Kulturhus (UTSELD!)
Laurdag 16.mars: Treungen, Nissedal fleirbrukshus   
Sundag 17.mars: Kvitseid, Fjågesund Grendehus, (UTSELD!)
Sundag 17.mars: Kvitseid, Fjågesund Grendehus

> SJÅ HEILE TURNÉLISTA HER

> HØYR HEIMAFRÅ

 

Bruk kalenderen på Folkemusikk.no

Me tilrår alle å bruke karrangementsalenderen på vår på folkemusikk.no, enten du er publikummar eller arrangør. 
 

> HER FINN DU KALENDEREN