Av Ingar Ranheim

Langeleikspelet til Olav Snortheim utmerkar seg med ei teknisk svært avansert venstrehand. Repertoaret er ei blanding av tradisjonelle langeleiklåttar, låttar han har ført over på langeleiken frå andre instrument, og låttar han har teke frå nedskrive notemateriale.

I 1938 spelte han inn 19 låttar på langeleik i NRK.  ”Far spilte i Folkemusikkhalvtimen for å finansiere klassisk musikkstudium, Konservatoriet og operasang” fortel dottera Rannveig.

Dette er eit blad i livet hans som han tala lite om, og som er lite kjend. Eit lite innblikk gjev dagboka til ungdomsvenen, forfattaren Knut Hauge (1911-1999). Han hadde vorte kjend med Olav Snortheim på framhaldskulen, og nemner han ofte i dagboka si frå 1930-talet.

11. desember 1932 skriv han om ein Bjørnson-fest på Slidretun, med sang av den verdskjende operasongaren Bjørn Talen (1890-1945): ”Men det gildaste var for meg var då Olav Snortheim song eit par songar. (..) Han er ein kunstnar av Guds nåde”.

28. april 1934 skreiv han på nytt om Olav Snortheim: ”Han hadde vore i Oslo i vinter og snakka med Erpekum Sem. Og han hadde vorti veldig uppglødd for røysti hans! (..) Han ville undervise han og moderere prisen til det halve.” Og 27. mars 1935 : ”Olav Snortheim er i Oslo i songlære.” Om det var hjå Arne van Erpekum Sem (1873-1951) står det ikkje noko om, men det er vel truleg.

I minneordet frå 1988 skriv Knut Hauge om Olav Snortheim at ”Han nådde fram til ein konsert i Slidre kyrkje, saman med Erling Krogh” (Erling Krogh (1888-1968) var ein dei fremste norske operasongarane i mellomkrigstida). Men så kom krigen og okkupasjonen, og "Det vart den endelege dødsdomen over framtidsplanane hans for song, og eg trur det var det største vonbrotet han hadde i ungdomen”.

Me veit vidare at fleire gonger song i Valdreslaget i Oslo så seint som 1940 og 1941. Det var før dei frilynde ungdomslaga vart sette under kontroll av styremaktene, og før konsertforbodet frå Heimefronten (oktober 1943), så det skulle vera uproblematisk.'

Hausten 1946 heldt komponisten Eivind Groven (1901-1977) konsertar i Trondheim og Oslo, med Olav Snortheim som solist. Han blir omtalt som «en ubearbeidet natursanger med et praktfullt stemmemateriale.» Dette er likevel det siste å finne om Olav Snortheim som operasongar utanom det heilt lokale. Frå 1947 opptrer han som folkemusikar, fyrst og fremst langeleikspelar.

I biografien til Knut Hauge i 1966 er det konsertane og særleg utlandsferdene han sjølv legg vekt på. Den første utanlandsferda gjekk til Praha i 1947. Han var den eine av ein to-manns kulturdelegasjon til ei verdsungdomsstemne, der ikkje mindre enn 57 nasjonar var med. I 1948 deltok han i ein stor internasjonal konkurranse i Llangollen i Wales, der 21 nasjonar tevla og Olav Snortheim fekk fyrsteprisen, skriv Knut Hauge.

I 1950 hadde den internasjonale folkemusikkinstitusjonen Pro musica ein stor kongress i Lund i Sverige, der Snortheim og langeleiken gjorde stor lykke. Dette resulterte seinare i radio- og fjernsynprogram i Sverige og dessutan ein turne i Tyskland. Han fortel også utførleg om oppdraget som jurymedlem ved eit storstemne i Warzawa i 1955. I Danmark hadde han fleire turnear i høgskolane og i Foreningen Norden.

I 1953 og ei tiårs periode var han fast ved Festspela i Bergen, med eige program og ensemble. Her var han også med på oppsetjinga ” Dans ropte fela”, både  i Bergen og på den omfattande turneen fyrst i USA i 1960, seinare i Danmark, Tyskland, Holland, Belgia, Frankrike, og England som scene- og TV- framføring. Han var også med då oppsetjinga vart sett opp på Det Norske Teateret i Oslo, ”40 gonger for fulle hus”.

I 1962 sette Det Norske Teateret opp Peer Gynt, som i Tormod Skagestads regi vart ei romantisert og slåande ny oppsetjing. Der vart korkje Griegs eller Sæveruds musikk nytta til stykket, det skulle vera autentiske tonar frå Per Gynts heimtrakter, både til Hægstadbryllaupet, og til møtet med seterjentene og den Grønnkledde, og ikkje minst i Dovregubbens hall. Det vart då sjølsagt spørsmål etter slike karar som Bernhoft Osa og Snortheim.

Knut Hauge nemner elles dei mange turneane i skolane i Oslo, dessutan Bergen og Trondheim, turnear for Rikskonsertane i mange år over heile landet og også noko i Folkeakademia.

I radio hadde han spelt både i Norge, Sverige, Finland, Danmark, England, Tyskland, Nederland, Estland og Amerika .

Rolf Myklebust fortel i boka "50 år med folkemusikk" at Olav Snortheim frå 1953 til 1973 årleg spelte for opptak til folkemusikkhalvtimen, og legg til at han også kunne blåse på seljefløyte, bukkehorn og lur.  Olav Snortheim laga fleire radioprogream i serien ”Spelemenn i norsk folkemusikk”, der han presenterte dei gjevaste langeleikspelarane i Valdres med forteljing og spel. I somme høve brukte han langeleik med gammal skala, fortel Myklebust.

Han fekk mange prisar og utmerkingar med åra, skriv Knut Hauge i minneordet i 1988,. Han fekk avisa Valdres sin kulturpris i 1966 og livsvarig kunstnarløn frå Staten, men den utmerkinga som han var mest glad for, og sette aller størst pris på, var nok den livsvarige æresløna han fekk frå dei seks Valdres-kommunane, skriv Hauge.

Olav Snortheim gifta seg i 1944 med Gyda Vigerust  (1912-1989) frå Ringebu. Dei busette seg på Fåberg fram til 1950. Då flytta dei til garden Solbrå på Harpefoss og budde der fram til 1963. Dei bygde seg då hus i Sør-Fron.

Barn: Ida Ragnhild født 1944, Eva Elise født 1947, Rannveig født 1950 og Ola født 1954. Ola var ein svært anerkjend trommeslager og musikar på 1980/90-talet. I 1986 gav han ut ”Langsomt mot nord” der han brukte opptak av faren både på langeleik og bukkehorn.

Olav budde dei siste åra sine i eit lite hus han fekk sett seg opp på Harpefoss. Der var han på 1950- og 1960-talet fast gjest på nordiske sommarkurs for lærarar på Gudbrandsdalens folkehøgskule, og han var også brukt av styrar Are Stauri (1912-1970) på vinterstid. Han spelte og fortalte med stor innleving, fortel sonen, Rasmus Stauri. Det er nok likevel ikkje til å koma frå at Olav Snortheim vart ein litt framand fugl i folkemusikkmiljøet, både i Gudbrandsdalen og i Valdres.

Heime på Harpefoss var Olav Snortheim i nokre år dirigent for Fossegrimen sangkor, og der song han operaarier med koret bak. Han døydde 2. februar 1988, og er gravlagd på Røn kyrkjegard.

Første del av denne artikkelen finn du her. Han kan óg lesast på denne sida hos plateselskapet ta:lik. Her finn du óg ei oversikt over kjeldar, samt ein liten diskografi.