I fjor sommar vann han Landskappleiken i solo hardingfele for andre året på rad, og på hausten fekk han Folkelarmprisen for beste soloutgjeving. Laurdag tok han heim sjølvaste spelemannsprisen for soloutgjevinga si under utdelinga i Stavanger konserthus. På kort tid har Ottar Kåsa blitt ein grossist  av prisar, og det var ein stolt spelemann som tok imot bronsjeharpa. 

- Tusen hjarteleg takk. Det er ei veldig stor ære. No kan eg endeleg kalle meg spelemann på ordentleg, sa Kåsa i si takketale under direktesendinga på NRK laurdag. 

Spelemannen meinte det var mange som skulle ha ein takk, sjølv om dette var er ei soloplate. 

- Det er mange som har gjort ein veldig god innsats. Fyrst og fremst Anders Røine, Niels J. Røine og Frode Rolandsgard i plateselskapet ta:lik, Arne Svalastog for bilder til coveret, Eva Karlsson for grafisk design og Fridtjof Lindemann for veldig flott miksing og mastering av plata. 
 
- Eg vil au takke familien. Mamma og pappa, og Vigdis og Øyvor heime som held ut med meg og fela heile dagen, avslutta han.  
 
Plateselskapet Ta:lik er òg svært nøgd med prisen. 
 
-  Vi er utruleg stolte av Ottar Kåsa som i går kveld vann Spellemannprisen 2012 for debutplata si. Dette må vel vera årets spelemann, skriv dei på si Facebook-side, og syner til alle prisane han har vunne det siste året.   
 
Ottar Kåsa kjem opphaveleg frå Arabygdi i Vinje kommune. Han er ein av få som har utdanna seg til og held på som felemakar. No held han til i Bø Telemark, og arbeider som felemakar og spelemann. Som vinnar av Landskappleiken i 2011 vann han platekontrakt med plateselskapet Ta:lik, og resultatet av kom ut på plate sumaren etter under Landskappleiken på Otta. Dette er Ottar Kåsa si fyrste soloutgjeving.  
 
Dei to andre nominerte i klassa for folkemusikk / tradisjonsmusikk var Annbjørg Lien for plata ”Khoom Loy” og Niko Valkepää for ”Gusto”.