Heilt sidan eg blei interessera i hardingfela som liten gut har ho blitt ein stadig større del av livet mitt, og eg er no både felemakar og spelemann i Bø i Telemark. Felemakeri og -spel har gått hand i hand så lenge hardingfela har vore til, og spelemenn og felemakarar har gjennom hundrevis av år utvikla seg i takt med kvarandre og omverda. 

Fela er spelemannens songrøyst, og kvar fele har sin eigen song. Feler kan vera sta eller velviljuge, milde eller temperamentsfulle, kvasse eller mjuke, høgmælte eller lågmælte, ljose- eller mørkmælte; men spelemannen kan aldri tvinge fela til å bli noko anna enn det ho er. Fela må synge slik ho sjølv vil, og når fele og spelemann vil det same, veks dei saman: Dei delar plass i ein større heilskap, der spelemannen lèt instrumentet bli ein del av seg sjølv og sitt uttrykk.

Vegen og målet

Hardingfela har fylgd meg sidan eg var 11 år gamal, då eg byrja i musikkskulen i Vinje med Terje Christian Hansen som lærar. Sidan den gong har eg hatt mange læremeistarar og inspirasjonskjelder, og eg har lært både gjennom personlege møte og gjennom lytting til opptak av spelemenn som har gått bort. På kvar sine vis har dei alle sett att spor i meg som spelemann.

 

"Fela er spelemannens songrøyst, og kvar fele har sin eigen song."

Å ”finne seg sjølv” i slåttespelet kan vera vanskeleg og kronglete, men her ligg for meg mykje av meininga i det å vera spelemann. Gjennom å høyre ulike spelemenn vil det som skaper gjenklang i ein sjølv koma fram att i eiga fele, og etterlikning vil etter kvart kunne bli til personleg særpreg. Dette har for meg vore både vegen og målet; å finne ”mitt eige” spel, og den vegen går alltid vidare. Av dei eg har hatt som mine største førebilete når det gjeld slåttespel på hardingfele, vil eg nemne Eivind Mo, Eilev Smedal, Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Einar og Olav Løndal , Anders Buen d.e., Hauk og Knut Buen, Per Anders Buen Garnås, Hallvard T. og Torleiv Bjørgum, Torleiv Bolstad og Bjarne Herrefoss.
 

Foto: Arne Svalastog

Ei altoppslukande interesse

Eg har lenge vore fascinera av hardingfela som instrument, men ideen om å laga mine eigne hardingfeler kom fyrst i vaksen alder. Den fyrste læremeistaren i felemakeri var Eivind Ralle frå Bø i Telemark. Som ungdom hadde han vore i lag med Knut K. Steinkjøndalen, og minnet om den gamle meistaren låg endå friskt i minnet til Eivind då eg var hjå han.

Hausten 2005 kom eg i lære hjå Sigvald Rørlien ved Ole Bull akademiet, og her vart felemakeriet fort ei altoppslukande interesse. Læretida hjå Sigvald varde i 3 år, og eg trur neppe eg ville vore felemakar i dag utan hans påverking. Eg har seinare vore i kontakt med fleire andre felemakarar òg; spesielt vil eg nemne Wim Baeck i Brüssel og Harald Lund på Jessheim, som begge har tatt imot meg og vist meg nye vegar i den stundom tåkete felemakarverda.
 

 

Dette har for meg vore både vegen og målet; å finne ”mitt eige” spel, og den vegen går alltid vidare."

 

Ottar Kåsa - Foto - Arne Svalastog  - felemaking
Felemakaren Ottar Kåsa i aksjon. Foto: Arne Svalstog

Å finne sitt eige

Både som felemakar og spelemann er ein del av ein tradisjon, der ein skaper sitt eige med grunnlag i gamal kunnskap og stilkjensle. Og på same måte som med spelet, er det også i felemakeriet etterlikning av det ein likar som er vegen til å finne sitt eige. Hardingfela som instrument har hatt mange dyktige nevar å vekse ut av, og av dei felemakarar som har påverka meg mest, vil eg nemne Olaf G. Helland, Erik Johnsen Helland, Gunnar M.A Røstad, Olav K Venaas og John Tjønn. Alle har dei vore sentrale for hardingfela som instrument, som usedvanleg sjølvstendige og skapande felemakarar.

På desse opptaka brukar eg to av dei felene eg har bygd sjølv; på vanleg stille og nedstilt brukar eg ein fiolin eg bygde om til hardingfele i 2009, og på trollstilt og gorrlaus bas brukar eg ei hardingfele eg laga i 2007, som no er i eige av Knut Fausko. 

Slåttane eg spelar på denne cd-en er slåttar i tilknyting til Telemark, men i ulike tradisjonar og frå ulike kjelder. Hovudtrekket er rett og slett at det er slåttar eg likar godt å spela sjølv. Eg håpar du som lydar vil finne glede og meining i desse slåttane, slik eg har prøva å tolke dei på denne plata. 

Takk til: Alle læremeistarar og inspirasjonskjelder, Mamma og Pappa, Vigdis og Øyvor

 
Ottar Kåsa
 
Teksten er henta frå tekstheftet til utgjevinga Ottar Kåsa på plateselskapet ta:lik. 
 
> HØYR OTTAR KÅSA SI UTGJEVING PÅ WIMP ELLER SPOTIFY
> PLATA ER TILGJENGELEG DIGITALT ITUNES ELLER FYSISK PÅ PLATEKOMPANIET