Målet er at studentane skal få meir praktisk og teoretisk kunnskap om norsk folkemusikk og -dans og om korleis ein best kan bruke denne kunnskapen i grunnskulen.

- Vi satsar på praktisk dans og musisering og øver inn repertoar som kan nyttast i grunnskulen. Vi vil legge opp til diskusjon om korleis ein kan undervise i dette stoffet. Ein vil også få kunnskap om korleis ein kan tileigne seg meir repertoar, seier staben v ed Folkemusikkstudiet i ei melding.

Studiet gir ei oversikt over dei norske folkemusikktradisjonane slik dei er i dag - og ei forståing av dei historiske forholda som har skapt dei.

Studiet er lagt til 4 helgesamlinger, den første i slutten av januar. Studiet vil gi 15 studiepoeng.
 
For fullstendig læreplan, kan ein gå inn på HiT sine heimesider;  www.hit.no. Meir om Innføring i norsk folkemusikk finn du på denne lenka. Interesserte kan óg ta kontakt på telefon 35952900, og på e-post.