- Frå 22.-27.juli skal me arrangere Strunkeveko for femtande gong, og me trur at dette skal bli den beste Strunkeveko nokon sinne. Me gleder oss til å sjå att alle gamle elevar og verte kjent med dei nye, seier Strunkesjef Ina Solvin.

Kurset går føre seg på Valdres Folkehøgskule på Leira i veke 30 kvart år. Strunkeveko har etter kvart vakse seg stor, og samlar meir enn 110 ungdomar kvart år. 

Nysatsinga i år er eit kurs som har fått namnet ”Meisterkurs i musikalitet og lausdans med Frikarakademiet”. Dette er eit kurs for dei vidarekomne lausdanselevane, frå 15 til 24 år.

- Me har i fleire år sett at det har vore stor interesse for lausdans, der kursa har vore fullteikna. Etter kvart har me merka at det har vorte stor nivåskilnad på dette kurset. I år har me difor i samarbeid med Hallgrim Hansegård og Frikarakademiet utvikla eit nytt kurs for dei eldste og mest vidarekomne, fortel Solvin.

Kurset vil setje fokus på musikalitet, og forholdet mellom musikken og dansen. Deltakarane på kurset vil difor også ha eit samarbeid med ein av gruppene på hardingfelekurset og instruktøren deira Jan Beitohaugen Granli.

- I tillegg til det nye kurset held me fram med alle dei kjente og kjære kursa ein har blitt vant med å finne på Strunkeveko. Det blir også i år instrumentkurs i fele, hardingfele, toradar, trekkspel og langeleik. Kursa i song, dans med vekt på halling, dans og uttrykk, samspel, folkedansteater og folkemusikk i perspektiv finn ein også att, seier arrangørane.

Strunkeveko samlar kvart år samlar eit knippe med dei beste folkemusikkutøvarane som instruktørar.

- I år har me mellom anna med oss tre av vinnarane frå Landskappeleiken i 2011. I tillegg til Hallgrim Hansegård har me Ottar Kaasa på hardingfel og Astrid Sulheim på fel. På "Folkemusikk i perspektiv" har me fått med oss Tom Willy Rustad - og på dans med vekt på halling har me Andres Aasberg.

I tillegg har Strunkeveko med Jorun Marie Kvernberg (samspel) og Tove Dalbakk (fele), kjent frå mellom anna Majorstuen. På song finn me Åshild Vetrhus og Lajla Renate Buer Storli.

- I tillegg til desse har me mange fleire framifrå instruktørar, seier Ina Solvin, som vonar at alt no ligg til rette for inspirerande og lærerike dagar.

Påmeldinga ligg no ute på www.strunkeveko.no - og du kan melde deg på fram til 15.mai. Her finn du og praktisk informasjon om konsertar, kurstilbod og tidligare tilskipingar.