Anna Massie og Mairearad Green er ein allsidig duo frå Skottland, som spelar gitar, fele, fløyter, mandolin og banjo. Dei har vunne ei rekkje prisar, mellom anna the BBC Radio Scotland Young Traditional Musician of the Year 2003 Award.
Anna Massie har også vore kåra til “Best Instrumentalist” to gonger ved Scots Trad Music Awards. Mairearad Read har på si side hausta mykje ros for sine komposisjonar i tradisjonell stil., og har m.a. blitt utnemnd til The PRS Composer of the Year i 2009.
Den skotske duoen spela i går, 31. august, på Folkemusikkscena på Rauland. Torsdag opptrer dei i Festsalen på Valdres folkemuseum, og deretter går ferda vidare til Riksscenen i Oslo. Her opptrer dei saman med Skaidi, som er eit kritikarrost samarbeid mellom jazzbassisten Steinar Raknes og tradisjonsjoikaren Inga Juuso. Konserten inngår i ein komande platesleppturné i regi av Rikskonsertene, og er elles del av det faste konseptet Bakkjens Basar.
Per Anders Buen Garnås er nok godt kjend for faste lesarar av Folkemusikk.no. Vi kan i farta nemne at han har vunne landskappleiken for hardingfele i 2006 og 2010, og Fanitulltevlinga på Ål heile fire gonger. Han har gjeve ut to eigne plater, der “Seljord Anno 1935” er ny av året, og har dessutan medverka på ei rekkje utgjevingar.
Stad: Festsalen på Valdres folkemuseum
Tid: Torsdag 1. september 19.00 – 20.30
Stad: Bakkjens Basar, Riksscenen, Oslo
Tid: Fredag 2. september, kl. 20
Interesserte kan lese meir om Skaidi på denne lenka frå Rikskonsertene. Per Anders Buen Garnås har denne heimesida, og du kan studere haustprogrammet til Valdres Scene nærare her. På YouTube finn du ei rekkje videoar med Anna Massie og Mairearad Green.