Den svenske riksspelemannen på  munnspel, John Erik Hammarberg, var instruktør for dei vidarekomne på Vinstra, medan musikalsk leiar i Naustedalen Spelemannslag, Einar Eimhjellen, tok seg av nybyrjarane.

Kurset  vart halde på Vinstra vidaregåande skule med spelemannslaget Spira  og Tom Willy Rustad som tilskipar. Det vart avslutta med konsert og fest på Rudi Gard i Sør-Fron.

Deltakarane på munnspelkurset 2011 på Vinstra var Sivert Holmen, Aurdal, Per Midtstigen, Otta, Tom Willy Rustad, Sør-Fron, Marita Aanekre, Sør-Fron, Nils Røv, Trondheim, Tom Kristian Bardal, Trondheim, Olav Ufs, Ringebu, Willy Rustad, Vallset,  Jan Krogstad, Trondheim, Knut Stakston, Sør-Fron, Arild Rønningen, Vinstra, Terje Einarson, Sola, Inge Torstenson, Oslo, Magnar Fuglestad, Sandnes, Knut Ståle Berge, Os, Jacob Heltne, Volda, Tone Lise Roska, Fluberg. Rasmus Stauri, Sør-Fron, Amund Grytting, Sør-Fron, Gyda Austin, Lillehammer, Marius Berglund, Skodje, Inger Johanne Fjell, Lillehammer, Gunnar Sørbotten, Sør-Fron og Mareno Roske, Fluberg.