Norsk Munnharpeforum vart stifta i 1998, og har over 100 medlemmar. Norsk Munnharpeforum har som mål å utvikle interessa for munnharpa i Noreg, og å drive opplæring på munnharpe. Dei skal òg formidle kunnskap om munnharpetradisjonane våre, korleis instrumenta blir laga og kva for musikk som fins på munnharpe.

Norsk Munnharpeforum har også arbeidd med å gjera tilgjengeleg det gamle tradisjonsstoffet som finns i arkiva rundt omkring - først og fremst i NRK. Norsk Munnharpeforum var i 2006 med på å gje ut ut dobbel-CDen "Fille-Vern - Gamle og nye mestre i norsk munnharpetradisjon". Denne dobbelt-CDen inneheld arkivopptak frå 1937 og framover, og kom ut på ta:lik, i nært samarbeid med nett NRK.
 
Vi tek òg med at Munnharpefestivalen 2011 blir på Ål i Hallingdal 9. til 11. september. I fjor vart ein kombinert munnharpe- og langeleikfestival arrangert på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Nyleg var det óg ei musikkhelg på Gjøvik i regi av Gjøvik spelmannslag, Norsk Munnharpeforum og Mjøsmuseet.

Her hadde Bernhard Folkestad og Sigbjørn Solbakken kurs i munnharpespeling, medan Stein Terje Mathisen, Reidar Ottesen og Ole Bjørn Skoe stod for kurset i munnharpesmiing. Under Landskappleiken i Seljord vert det eigne klassar for munnharpe, både for juniorar og seniorar. I fjor var Anders E. Røine frå Øystre Slidre spel- og dansarlag vinnar av seniorklassa under Landskappleiken.

På den internasjonale munnharpefestivalen i Yakutsk er det venta mer enn 100 munnharpespelare frå Europa, Afrika og USA, i tilllegg til mange deltakarar frå Asia og SUS-området. Munnharpa reknas som eit av verdas eldste musikkinstrument, og er utbreidd i store delar av verda.
 

Interesserte kan gå vidare til heimesida til Norsk Munnharpeforum, som de finn på www.munnharpe.no. Ei oversikt over styre og heidersmedlem ligg på denne undersida.