Fredag 18. mars vil Storm Weather Shanty Choir gjera ein eksklusiv akustisk konsert på Vinjar i Vinje. Laurdag 19. mars spelar dei under VM i Telemark på Rjukan, og måndag 21. mars kan dei opplevast på folkemusikkklubben Columbi Egg i Bergen. Den siste konserten finn stad på Hotel Augustin. I tillegg opptrer de og på eit lukka arrangement i Bergen i dag, torsdag.
Rockekoret frå Stord, som dei sjølv kallar seg, fyller ti år i år. Dei vart etablert i 2000, og har gitt ut fire plater: ” Cheer Up Me Lads (2001)”, ” Off To Sea Once More” (2002), ” Let Us Be Jolly and Drown Melancholy” (2005) og “Way Hey (and away we’ll go)” (2009).
Storm Weather Shanty er Håkon Vatle, Roald Kaldestad, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem og Ronny Sætre. Dei har bakgrunn frå m.a. rock, heavyrock og visesong. Forsongar Håkon Vatle har dessutan ein mastergrad i sjantiar. På plate har dei kora for båe Nordstoga-brørne, og har elles spelt saman med m.a. Kaizers Orchestra, Vamp, Katzenjammer og Kolbein Falkeid.
Redaktør Knut Aastad Bråten i Spelemannsbladet intervjua Håkon Vatle i 2009. Den gong sa forsongaren mellom anna dette:
- Eg har eit stort ønske om å bidra til å heva statusen for denne songtradisjonen, som er ein utruleg viktig del av kulturarven vår. Det er heilt rasjonelle grunnar til at denne tradisjonen ikkje vart teken med under nasjonsbyggingsprosessen i Norge, men i ettertid er det verdt å sjå nærare på det.
- Sjantiar er faktisk mindre sært enn slåttar, stev, hardingfele og bunad. Dette utifrå det faktum at Noreg er og har vore ein av dei største sjøfartsnasjonane opp gjennom tidene. 80 % av Norges befolkning bur og har budd langs kysten, og sjantiar og sjømannssongar var ein del av kvardagen for befolkninga der.
Storm Weather Shanty Choir har tidlegare spelt på både by:Larm og Folkelarm. Interesserte finn heimesida deira på denne lenka.