Lista over tidligare gjestar og instruktørar er både lang og imponerande. Unge, nordiske folkemusikare og dansetalent har då latt seg inspirere av artistar, grupper og utøvarar som Annbjørg Lien, Sjuende Far I Huset, Frigg, Majorstuen, Odd Nordtoga, Hoven Droven og Ragnhild Hemsing.
Særlig dårligere vert ikkje lista etter arrangementet i år, der Grammy-nominerte Trondheimsolistene med Gjermund og Einar Olav Larsen, dansk-finske Kings Of Polka og Frikars Martin Myhr er mellom dei som skal rettleie, opptre og inspirere.
Vi siterar her frå Midtvinterdansens eigen presentasjon av gjestane dette året:
Trondheimsolistene har gjort seg bemerka med stor musikalsk fleksibilitet, frå barokk og romantisk repertoar til tango, jazz, folkemusikk, rock og ulike slags samtidsmusikk. De turnérer over heile verda, har 25 plateproduksjonar bak seg og har motteke ei lang rekke prisar.
Trondheimsolistene deltek på Midtvinterdansen laurdag. På denne konserten vil orkestret m.a. framføre den Grammy- og Spellemannsprisnominerte «In Folk Style», og dessutan Gjermund Larsens tingingsverk til Osafestivalen 2010. Dette siste stykket vart tinga i høve 200-års jubiléet for Ole Bull og 100-års-jubiléet for Sigbjørn Bernhoft Osa.
- Første del av komposisjonen er inspirert av Ole Bulls «I ensomme stunde». Vidare kan vi kjenne att hardingfelevirtuosen Osa før verket endar opp i forrykande, folkemusikkinspirert "Trønderbarokk", fortel Geir Egil Larsen, som er leiar i Verdal Juniorspelmannslag.
Gjermund Larsen er solist i begge verka, og i det siste er óg storebror Einar Olav med. Søskenbarn Anders Larsen er kapellmester for Trondheimsolistene på denne konserten.
Dansk-finske Kings of Polka med Kristian Bugge, Esko og Antti Järvelä har blitt kalla «et dugfriskt skud på den frodige, nordiske folkemusikk-stamme”. Kristian, Esko og Antti har vore med på Midtvinterdansen fleire gonger - alle tre som medlemmar av Baltic Crossing, og Esko og Antti også som medlemmar i Frigg.
Frå Kaustinen kjem også Alina Järvelä (Frigg) og fiolinisten og folkemusikaren Mauno Järvelä. Den sistnemnde vart i 2010 utnemd til ridder av 1. klasse av den Kungliga Nordstjärneorden for sitt arbeid som folkemusikkartist og pedagog.
Som alltid deltek ei lang rekke spellmenn/artistar og instruktørar frå Sverige og Noreg. Martin Myhr frå Frikar er alltid på plass, og deltek både med hallingdans frå scenen og som danseinstuktør. Songen er det Runa Hestad Jenssen som har ansvaret for. Ho er masterstudent i song ved «Barrat-Dues Musikkinstitutt og medlem i Det Norske Solistkor, og syng også på CDen «Går i fjøs» med gruppa Bom basker.
Dette er programmet under Midtvinterdansen 2011:
Fredag 4. Mars, kl. 20.00: Kings Of Polka, Runa Hestad Jenssen og Martin Myhr
- Aulaen, Verdal videregående skole
- Inngang: kr. 100,-/barn kr. 20,-. Billettar ved inngangen
Laurdag 5. mars, 12.00-13.30: Laurdagskafé: Dag Ståle Larsen i spissen for lokale spellmenn.
- Minsaas Café, Domus senter, Verdalsøra. Helsing ved ordførar i Verdal kommune, Bjørn Iversen. Gratis.
19.00: Trondheimsolistene med Gjermund Larsen og Einar Olav Larsen
- Dans til nordiske og lokale spellmenn.
- Aulaen, Verdal videregående skole
- Inngang: kr. 150,-/barn kr. 20,-
- Billettar ved inngangen og tlf. 74 07 98 62
Søndag 6. mars, 13.00: Folkemusikk-galla
- Kursdeltakarane deltek i samspell og grupper med felles nordisk repertoar og med eige program.
- Kings of Polka, Mauno Järvelä og øvrige instruktørar deltar.
- Stiklestad Nasjonale Kultursenter
- Inngang kr. 100,-/barn kr. 20,-
Interesserte finn meir på heimesida til festivalen: www.midtvinterdansen.no.