- Eg har alltid vore fasinert over spelemenn som så ledig og lett fortel om slåttane dei framfører. Det kan vere gjennom underhaldande historier eller informative kommentarar. Desse utøvarane gjev noko ekstra av seg sjølv til oss som høyrer på, og lagar, slik eg opplever det, ei heilt spesiell råme kring musikken. Det skal mot og kunnskap til for å klare det, seier Svidal.

Onsdag denne veka held ho sin avsluttande masterkonsert i Levinsalen på Norges musikkhøgskole i Oslo. Her har ho i to og eit halvt år fordjupa seg i formidling av slåttar i konsert og sett fokus på den munnlege kommentaren.

-Gjennom studiet har eg testa ut ulike presentasjonar av slåttane mine for publikum. Tilbakemeldingane eg har fått danna grunnlaget for utviklinga av konserten eg skal halde på onsdag, fortel Svidal. I tillegg til å halde konsert, har ho levert eit skriftleg arbeid. Masteroppgåva vil bli tilgjengeleg på Norges musikkhøgskule sine nettsider.

-Det er mange faktorar som spelar inn på korleis publikum opplever slåttane våre. Kunnskapen dei har om slåttane og kompetansen i å lytte til dei, er ulik frå lyttar til lyttar. Slik får spelemannen eit spesielt ansvar for at møtet mellom lyttar og slått blir så positivt som mogleg. Den munnlege kommentaren er berre ein av mange verkemiddel spelemannen kan bruke i det arbeidet, det er også den som er så velutvikla innanfor sjangeren vår.

Arbeidet har fått Svidal til å sjå med nye auge på spelemannen si rolle som formidlar.

- Vi tenkjer kanskje ikkje på kor stor kraft kommentaren har, men gjennom kommentaren syner spelemannen mykje av sin eigen personlegdom. Det blir viktig å stå fram som truverdig og overtydande. Viss ikkje kan lyttaren misser interesse. 

- For meg er det også viktig å hugse på at det eg seier spelar inn på publikum si oppleving av slåttane. Det er ikkje sjølvsagt at ein kvar kommentar er ein høveleg kommentar, det er det situasjonen som bestemmer. Eg ønskjer ikkje tre tolkingar ned over hovudet på lyttaren. Kvar og ein må få erfare ein slått utan at eg skal kome med fasiten på korleis den skal erfarast.

Med mastereksamen på onsdag avsluttar Svidal ei åtte år lang musikkutdaning i folkemusikk. Gjennom studie ved Ole Bull Akademiet og Norges musikkhøgskule har ho fordjupa seg i slåttemateriale hovudsakleg frå Vestlandet. Hovudlæremeistrane hennar har vore Håkon Høgemo, Sigmund Eikås, Nils Økland, Einar Mjølsnes og Per Sæmund Bjørkum.

Konserten finn stad i Levinsalen på Norges musikkhøgskule onsdag 15. desember kl 19:00.