– Det er inga skam å sende ein slått i radioen eller på TV. Folkemusikk er for folk flest. Mange er glade i folkemusikken og ynskjer meir av han – også utanom dei faste programpostane som til dømes Folkemusikktimen, seier Buen Garnås.
Foreininga vart stifta i Drammen i oktober 2010. Det fyrste årsmøtet, som skulle gå av stabelen i mai under Den Norske Folkemusikkveka på Ål, vart seinare avlyst.
Førebels blir foreininga driven av eit interimstyre, som i tillegg til Buen Garnås består av Ellen Baskår, Åse Klundelien og Svein Bue – leiar for lyttarforeininga for klassisk musikk. 45 personar har meldt si interesse, eitt lag og 30 personar er betalande medlemmer i foreininga.
– Det som forbausar meg, er at responsen i miljøet er så liten. Kanskje er det få som trur på makta i organisasjonslivet?
Korleis skal de jobbe?
– Vi skal vera ei pressgruppe og koma med innspel til mediekanalane, mellom andre NRK.
Lyttarforeininga har vore i møte med FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans, for å gjera saka og arbeidet i foreininga meir kjent. Dei har også sendt brev og informasjon om arbeidet til alle lokallaga i foreininga.
Er det bruk for ei lyttarforeining for folkemusikk?
– Ja! Klassisk musikk har også si lyttarforeining. Dei arbeider for størst mogleg del av klassisk musikk i NRK og andre kringkastingsstasjonar, og andre norske TV-kanalar. Resultata er gode. Nettopp difor har vi tru på ei eiga lyttarforeining – også for folkemusikken, seier Buen Garnås.
Alle interesserte, som vil vite meir om dette arbeidet, kan ta kontakt med svein.bue@getmail.no.
Artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk, nr. 4 i 2011. Interesserte kan lese meir om Bladet Folkemusikk, som er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans her heime, på denne lenka.