Tekst: Ingelin Westeren. Foto: Laila Meyrick/Velour

Leiv Solberg boblar av ord mellom munnfullane i kantina på Marienlyst. Han har styrt skuta i 22 år. I dag har programmet mellom 30 000 og 40 000 lyttarar, noko som er godt for eit program på NRK P2.

- ”Lyttaren” er ein svært samansett person og spenner frå 90-åringen til C-klassingen. Men det er òg ein person frå det eg kallar ”det skjulte Folkemusikk-Noreg”, dei som ikkje har fått sjansen til å oppleve folkemusikk, men som snublar over han og finn noko dei likar.

- Kva vil lyttaren ha?

- Lyttarane er som sagt ei svært samansett gruppe. Kjernebrukaren har vore på kappleik og ønskjer kanskje å få friska opp att opplevinga. Andre har vore på Folkelarm og etterlyser andre typar uttrykk. Andre att sender e-post til meg der dei nærmast unnskylder seg for si eiga fåkunne, med spørsmål kring musikk dei har høyrt i Folkemusikktimen.

- Kva får lyttarane?

- No sender me gjerne eit heilt program med arrangert folkemusikk, men mange kjernelyttarar kan dette av lasset i slike situasjonar, medan andre lyttarar kjem til. Folkemusikktimen skal i all hovudsak servere ekte vare: ubearbeidd tradisjonell folkemusikk. Utvikling i både sjanger og teknologi gjer at programma no kan setjast saman på nye måtar. Den fyrste halvtimen frå Rockefeller og den neste frå kappleik, til dømes, med moderne radiofoniske verkemiddel.

- Kva rolle speler Folkemusikktimen for folkemusikkmiljøet i Noreg?

- Tilhøva har endra seg mykje frå då NRK var den einaste kringkastaren med éin kanal på radio. No finst det mange plateselskap og ei mengd med medium, til dømes vart 60 plater melde på Folkelarm i fjor, og mange utøvarar når fram uavhengig av Folkemusikktimen. Eg tykkjer det er fantastisk når Folkemusikktimen greier å profilere noko av det lågprofilerte og støttar opp om miljø som treng oppbakking.

- Har Folkemusikktimen eit ansvar for kritisk søkjelys på eigen sjanger?

- Ja, men andre medium og redaksjonar i NRK tek seg av meldingar, kulturpolitikk og kritisk journalistikk slik ressurssituasjonen er. Vårt journalistiske arbeid ligg i å ta journalistiske val når det gjeld musikk som skal med i programmet. Få kan konkurrere med oss på god lyd i formidlinga av norsk folkemusikk, vi har gode studio, opptaksbussar og utstyret som skal til, så mikrofonane våre blir nytta til musikken.

- Så, kva musikk får sleppe til?

- Det må vere element av tradisjonell musikk for at det skal kome med. Fornying er bra dersom det er fundert på bevisste val og kjennskap til dei tradisjonelle formene. Det er til dømes bra når utøvarar som Anders Erik Røine innlemmar Groruddalen og det urbane livet i fornying av gamle viser. Det er jo dette folkemusikken handlar om: kjensle av heimstad og tilhøyrsle.

- Korleis skal 80-åringen halde seg sprek og vital framover?

- Vi skal følgje med på det som skjer, både innanfor sjangeren og innanfor teknologien og ikkje minst formidlingsutviklinga. Vi skal ikkje bli ei attergløyme – gammaldags og bortgøymd på ein gard. NRK P2 kjem til å starte opp ei musikalsk sendeflate to timar kvar kveld i mars 2011, der innslag frå Folkemusikktimen og norsk folkemusikk kjem til å vere eit viktig element. Dette vil verke positivt for både folkemusikken og Folkemusikktimen.

Sjølve jubileet for Folkemusikktimen, eller Folkemusikkhalvtimen, er 8. mars 2011. Du finn heimesida til programmet her.  Folkemusikk.no vil kome med fleire artiklar om historia til programmet i tida framover.

Intervjuet står óg på prent i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk, nr. 1 / 2011. Bladet Folkemusikk kan sjølv feire 70-årsjubileum denne sommaren. Du kan lese meir om Bladet Folkemusikk her -- og nye abonnentar får i jubileumsåret bladet til 250 kroner!