I tråd med dei banebrytande ideane bak barnelitteraturen til Rasmus Løland inviterer museet ungane til å vera både undrande og skapande. Ungane skal få del i forteljinga og oppleve eventyret, men dei vil og få tilbod om å kle seg ut og gå inn i rollane sjølve. Dette grepet er også sterkt inspirert av arbeidsmåten til ”Fyrtøjet” barneavdelinga til H.C. Andersens hus i Odense.

Utstillinga er resultat av eit breitt samarbeid mellom ulike fagfolk og der museet for første gong har brukt ein scenograf til å hjelpe seg med utforminga.  Det er Bjarne Frank Wathne ved Rogaland teater som har laga scenografien.  Han har tidlegare hatt suksess m.a. med scenografien til ”Folk og røvere i Kardemomme by”. Wathne har hatt hjelp av Frank Veire med lyd og lys.

I kveld, onsdag, held Alexander Røynstrand frå Hardanger, Tor Hoslemo frå Setesdal og Øystein Nilsen frå Haugesund hardingfelekonsert i samband med utstillnga. Tema for konserten er segner og eventyr og med utstillinga som kulisser blir dette ein spanande kveld for barn og vaksne. Etter konserten blir det høve for alle å oppleve sjølve utstillinga. 

Konserten blir arrangert i samarbeid med Haukelifestivalen og er støtta av Norsk kulturråd.

Museet håper at utstillinga kan vera første lekken i arbeidet med å realisere ideen om eit Lølandsenter, eit senter for nynorsk barnekultur og -litteratur.

Interesserte finn meir informasjon på www.ryfylkemuseet.no. Fram til sommaren vil utstillinga vera open måndag til fredag 9-15. Frå 17. juni kvar dag 10-18. Grupper kan gjera avtale om besøk.