Kvedarseminaret omfattar songverkstad og kurs, og inkluderer færøydans, undervisning i stemmebruk, konserter og foredrag om Kraviklyra. Gunnlaug Lien Myhr frå Hallingdal og Halvor Kvisle frå Sigdal har jobba mykje med Lindeman sine nedtekninger av balladar frå ulike delar av Buskerud. Dei har, med støtte frå Buskerud folkemusikklag og Lindemans legat, holdt konsertar på fire stadar i Buskerud med Lindemanstoffet.

- Numedal er “Middelalderdalen”. Derfor passar det godt å halde dette seminaret i Numedal. Det eldste registrerte strengeinstrumentet her i landet er datert til 1300-tallet og kjem frå garden Kravik i Nore. Det er truleg at lyra har vore nytta som tonefylje til songen, skriv Norsk Kvedarforum i ein presentasjon av programmet.

Seminaret tek generelt sikte på å sjå på ballandane i folkeleg og meir forskningsmessig samanheng, men og vise døme på kunstnarleg bearbeiding og pedagogisk formidling av denne type tradisjonsstoff. Dette rettar seg mot alle som har interesse for balladesong og særleg mot målgrupper som musikkstudentar, lærarar, musikarar, i tillegg til kvedarar/folkesongarar.

Konsertane vert halde på Brøstrud Pensjonat og i Uvdal stavkyrkje. Seminaret vil engasjere fleire innleiarar og utøvarar til konserter, der nokre også vil vera lærarar på kurs og gje eksempel under foredraga. Her finn vi mellom anna namn som Gunnlaug Lien Myhr (Gol/Torpo/ Hallingdal), Halvor Kvisle (Sigdal), Hans Iversen (Molde/Færøyane), Linda Grønhaug(Halden/Oslo), Sigrid Aksnes Stykket (Bø/Telemark), Stein Villa (Gjøvik), samt Sverre Heimdal, Åshild Wetterhus, Åsne Bergset, Gro Bratås Borge, Liv Bergset og Even Tråen (alle Numedal).

Det vert mellom anna minikonsertar med Mot Normalt, samt Gunlaug Lien Myhr, Halvor Kvisle og Stein Villa. Desse er òg ope for publikum.
 
Seminaravgift er på 700 kroner, medan medlemmer av Nkf og studentar slepp med 500 kroner. Påmelding må skje innan 20. august til Jan Heier, telefon 95 89 43 39, eller e-post janheier@online.no.

I seminargruppa er Jan Heier og Veslemøy Fjerdingstad med frå styret i NkF, med Åsne Bergset og Kristin Baalerud som lokal arbeidsgruppe. Seminaret er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Kulturråd, Lindemans legat og Fondet for utøvende kunstnere.

Interesserte kan lese meir om Norsk kvedarforum på www.kvedarforum.no. Heimesidene til Numedal spel- og dansarlag finn du her: www.numedal.net/nsdl/. Du må gjerne òg ta ein tur til  www.visitmiddelalderdalen.no.