Dei fire musikarane er bachelorstudentar ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. Gruppa byr på musikk på mange instrument, og består av Ine Nord (klarinett, perkusjon, ukulele og vokal), Britt Elin Myrene (trekkspel og øvrige tangentar, sjøføyte og vokal), Irene Bjørke (feler av ymse slag, ukulele og vokal) og Johanna Mjeldheim (feler av ymse salg og vokal).
Kvast spelar i hovudsak musikk frå dei områda dei kjem ifrå, som er Hardanger/Hordaland, Trysil/Engerdalen og Nordfjord. Samspelet mellom dei går stort sett føre seg på hovudinstrumenta, som er hardingfeler, trekkspel og klarinett. Men dei går heller ikkje av vegen for å krydre arrangementa med andre instrument innimellom.
Det er folkemusikken som er grunnlaget i all musikken deira. Arrangementa går ut frå kva dei sjølve tykkjer er fint og kjekt å spela, men dei har og eit stort fokus på at publikun skal få ei positiv lyttaroppleving.
- Det er viktig for oss å nå ut til og glede publikum med alt det vakre og facinerande som finnest i den norske folkemusikken, seier dei sjølv.
Konserten tek til klokka 20, og finn stad på Kaffibaren på kulturhuset.
Interesserte kan lese meir om Kvast på denne Facebook-sida, der du óg finn bilete, småplukk og nyhende.
Ein større kulturkalender frå Møtestad Seljord kan du finne her. Den inneheld ei samla oversikt over kva som skjer i kommunen.