Ope brev til hovudutval for kultur

Sogn og Fjordane Folkemusikklag er ein paraplyorganisasjon for dei lokale spel- og dansarlaga i fylket, og tok i 1988 initiativ til at Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle opprette ei folkemusikarordning. Den vart oppretta i 1989, og vart etter ein prøveperiode fast frå 1992.

Folkemusikarordninga har eit enkelt og kortfatta formål:
- å ta vare på og vidareformidle folkemusikktradisjonane i fylket.

Etter vårt syn har ordninga spelt ei svært viktig rolle for aktørane på folkemusikkfeltet, og den har med sine økonomiske og menneskelege ressursar representert fagkompetanse og kontinuitet på eit felt i stadig endring. Ordninga har sikra stabil tilgang på tenester knytt til formidlings- og undervisingsverksemd, og har på den måten bidrege til å halde oppe og utvikle den levande folkemusikktradisjonen.

I 2010 vart det lagt fram ein evalueringsrapport for folkemusikarordninga. Rapporten tek føre seg ei rekkje sider ved ordninga. Det er i rapporten også skissert tre ulike modellar for korleis ordninga kan organiserast i framtida, med utgangspunkt i fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør, og med grunnlag i ulike forhold ved ordninga som vart peika på i rapporten. Rapporten vart lagt fram for hovudutval for kultur, og det vart i juni 2010 vedteke at ein skulle kome tilbake til vidare drøfting av modell i samband med budsjettsak i september 2010. (HK sak 34/10).

Det var med stor undring Folkemusikklaget var vitne til at fylkespolitikarane i samband med budsjett- og økonomiplan 2011-2014 gjorde vedtak om ein reduksjon av den økonomiske råma for folkemusikarordninga på kr. 200 000.

Fem linjer i finansutvalet sitt framlegg til budsjett- og økonomiplan 2011-2014 (vedlegg til HK sak 44/10) er det einaste vi har funne som seier noko om grunngjevinga for reduksjonen: ”Evalueringa av fylkesmusikarordninga, som vart fullført i 2010, syner at det også innan denne kultursatsinga er rom for endring. Ein av vegane å gå er då å dreie fokus frå tenesteyting mot utviklar. Evalueringa tek ikkje stilling til om det ligg rom for økonomiske innsparingar i desse endringane. Innsparingskravet gjer at ein likevel finn rom for ein reduksjon på 0,2 mill kr.”

Det er altså funne rom for ein reduksjon, sjølv om det tilsynelatande ikkje er gjort greie for kva konsekvensar denne vil få, og det tilsynelatande ikkje er gjort ei vurdering av dei tre modellane som vart skissert i evalueringsrapporten. Det tykkjer vi er eit tynt grunnlag å fatte vedtak på.

Kuttforslaget vart lagt fram for HK i september 2010. Sidan gjekk saka sin gang i det politiske systemet, i ein rasande fart og med saksutgreiingar, saks- og møteprotokollar som ein gjennomsnittleg tillitsvald i ein frivillig organisasjon har hatt store vanskar med å forstå og halde følgje med.

I Fylkestinget 14. desember 2010 vart det gjort eit endeleg vedtak om reduksjon på kr. 200 000,- i folkemusikarordninga. Det er ein reduksjon som vil få negative konsekvensar for både ordninga og brukarane. Det skjønar vi, sjølv om vi ikkje har sett det skrive i ei einaste saksutgreiing, saks- eller møteprotokoll.

Kven har ansvar for våre tradisjonar og kulturarv?

Vi meiner svaret er enkelt: det er vi sjølve. Det er ingen andre som tek ansvar for forvaltinga av våre stadeigne kulturelle uttrykk og tradisjonar. Det er ei kollektiv oppgåve. Og vi meiner også fylkeskommunen må erkjenne sitt ansvar.

Vi meiner ikkje at folkemusikk- og dans har større verdi enn andre kulturelle uttrykk og andre musikk og –dansesjangrar. Tvert om er vi opptekne av at det i fylket vårt skal vere eit mangfald av kulturelle uttrykk der dei ulike aktørane har gode råmevilkår og publikum eit breitt tilbod som gjev gode og inspirerande opplevingar.

Men i kraft av å vere tradisjon, meiner vi at folkemusikk- og dans har ein umisteleg verdi som ein ressurs berre vi sjølv kan ha ansvar for å forvalte. Vi har i Sogn og Fjordane heilt unike musikk- og danseuttrykk knytt til stil og repertoar. Noko av tilfanget finn vi berre her, medan vi deler noko med naboane våre i både nord, sør, aust og vest. Om vi sjølv ikkje klarar å forvalte denne immaterielle kulturarven, så vil den forsvinne. Det ikkje nokon andre som kan eller vil ta på seg dette ansvaret.

Materiell kulturarv kan vi dokumentere som gjenstandar i arkiv og museum. Immateriell kulturarv og tradisjon i form av erfaringsbasert kunnskap kan vi ikkje dokumentere som materielle leivningar. Vi kan dokumentere lyden av folkemusikken, men vi kan ikkje dokumentere kunnskapen om korleis den blir framført og det kontekstuelle. Den kan berre takast vare på og vidareførast som erfart kunnskap forvalta av det enkelte individ som del av eit kulturelt fellesskap i samfunnet.

Det er gjennom aktiv bruk ein best tek vare på og vidareformidlar folkemusikktradisjonane. Vi snakkar altså om ein LEVANDE folkemusikktradisjon som den viktigaste føresetnaden. Det krev at der fins utøvarar og tradisjonsberarar, at desse driv formidlingsverksemd som i neste omgang rekrutterer nye utøvarar, og at det fins utøvarar og tradisjonsberarar som driv opplæringsarbeid. Dette har folkemusikarordninga gjennom si verksemd vore med på å sikre, og det vil vi at den skal halde fram med.

Folkemusikklaget ønskjer debatt om og vurderingar av modellar for ordninga i framtida hjarteleg velkomen. Vi ønskjer ei ordning som på best mogleg måte tener formålet og nyttar menneskelege og økonomiske ressursar til det beste for folkemusikktradisjonane. Den debatten må politikarane våge å ta.

Vi veit at det blir gjort nedskjeringar over heile fjøla, og kanskje vil eit kutt på 200 000 for mange ikkje sjå så veldig dramatisk ut. Men å ta 200 000 frå ei ordning som har 5 tilsette i til saman 3,6 stillingar er dramatisk. Dei siste åra har det vore inndraging av stillingsressursar i ordninga – ei form for reduksjon som ikkje er så synleg som eit tal på papiret, men like fullt ei nedskjering.

Vi fryktar ei sniknedlegging av ordninga. Det vil vi ikkje godta. Og det tykkjer vi heller ikkje våre folkevalde ressursforvaltarar bør gjere.

Skei i Jølster, 27. april 2011.

Sogn og Fjordane Folkemusikklag, styret
Synnøve S. Bjørset (leiar), Kari Malmanger, Helene M. Bolstad, Oddbjørg Ese, Randi Støyva.