Tindra innleia i fjor eit samarbeid med trioen Kroke, eit av Polen sine mest profilerte Klezmerband, som turnerer over heile verda. Dei to trioane møttes til nokre få dagar med øving før dei stod saman på scena for fyrste gong under Førdefestivalen 2010. Festivalleiar Hilde Bjørkum kåra konserten kåra til høgdepunktet på Førdefestivalen dette året.

NRK gjorde dessutan opptak av denne debutkonserten. Dette opptaket blir gitt ut på CD av plateselskapet Ta:lik i mai 2011, og har fått tittelen ”Tindra-Kroke live in Førde”. I den polske trioen finn vi Jerzy Bawoł på akkordeon, Tomasz Kukurba på bratsj og Tomasz Lato på kontrabass.

Tindra består som kjend av Åshild Vetrhus (song), Irene Tillung (akkordeon)  og Jorun Marie Kvernberg (feler). Dei har nett gjeve ut sitt tredje album, som har fått tittelen ”Moder Norge”. Det byr på tradisjonsmateriale frå Rogaland, og har blitt godt motteke. Tindra og Kroke spelar no tre konsertar saman i Noreg, der Tinda også vil framføre materiale frå det nye albumet. 

Konsertliste for  Tindra og Kroke:

  • Onsdag 13 april: Riksscenen for folkemusikk, Oslo. Klokka 20
  • Torsdag 14 april:   Union Scene, Drammen. Klokka 20
  • Laurdag 16 april Voss Kulturhus, Voss. Klokka 12.

Vi tek òg med nokre av dei mange gode platemeldingane som Tindra no har fått for ”Moder Norge”.

Du finn heimesidene til Tindra på denne lenken. Nettsidene til Ta:lik kan du gå til her.