Fylkesmann Lars Sponheim, som stod bak den formelle utdelinga, sa i sin tale at Leif er ein stor kunstnar som har sett djupe spor etter seg både lokalt og nasjonalt.
Leif Rygg er ein av våre fremste utøvande kunstnarar på hardingfele, og er spesielt kjend for den vare og fine tonen i spelet sitt. Han har bore slåttane vidare til mange, både i inn- og utland, og har synt at dette fantastiske instrumentet vårt, hardingfela, har kvalitetar av internasjonal klasse. Og han har lært av dei beste: Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa, Anders Kjerland, Eivind Mo og Torleiv Bolstad, i tillegg til mange lokale spelemenn på Vestlandet.
Leif Rygg er ein heilstøypt spelemann som har gått fullt og heilt opp i folkemusikken. Dette gjeld på alle omkverve: Som kappleikspelemann, der han har gått heilt til topps ei rekkje gonger, som administrator og inspirator i Voss Spelemannslag og på Ole Bull Akademiet, og ikkje minste som læremeister for unge spelemenn i heimbygda. Leif har også vore profesjonell spelemann i dei åra han arbeidde som fylkesmusikar i Hordaland.
Leif Rygg er æresmedlem i Landslaget for Spelemenn og Voss Spelemannslag, og har tidlegare i år motteke både RFF-prisen og Voss kommune sin kulturpris. Han har også i mange år drive sitt eige plateselskap, Spelarhaugen Folkemusikk, og han har fått Spellemannprisen saman med Knut Buen og Kåre Nordstoga.
Tilskipinga på Ole Bull Akademiet samla slekt og folkemusikkvener på Voss, med konsert og triveleg bordsete.
Mange helsa og yngste til lykke med pristildelinga, og som ein raud tråd i helsingstalane kom det fram at Leif har eit eineståande pågangsmot og ei glødande interesse for folkemusikken, han er raus og omsynsfull og vil alltid det beste både for folkemusikken og sine medmenneske.