Først ute på cd-marknaden er ”Moder Norge”, ei utgjeving med songskattar frå Rogaland som lanserast 4. april på plateselskapet ta:lik. Tindra trekker oss her med inn i ei verd der kattane har vondt i rompebeinet, bukkane er blå, og mannfolka slit med å få has på damene.

- Dette er musikk der humor avløyser det svartaste alvor, og der strålande kjærleik vekslar med botnlaus ulukke, heiter det i førehandsomtalen.

Gruppa vidarefører elles tradisjonsmusikken friskt og stilfullt, samtidig som dei i stor grad byggjer på gamalt arkivmateriale av slåttestev, viser og balladar. Også nyare tekstar og lyrikk vert sett tone til. Tindra turnerer med låtar frå cd-en i Rogaland frå 5. april.

Bergens Tidende har omtala trioen på denne måten:

”På overflaten er dette rett fram og enkelt: En vakker stemme, to dyktige musikere, ingen øvrig staffasje. Sjeldent hører man imidlertid en trio som står så godt til hverandre klangmessig. Og så er det altså disse små elementene av stor personlig musikalitet, dette skjæret av hverdagslighet som opphøyes i god folkemusikk.”

Turnélista i april ser slik ut:

  • 5. april: Bjerkreim, Hallen
  • 6. april: Sandnes, Folkets Hus
  • 8. april: Nesflaten, Suldal (med Gullgutane)
  • 9. april Sand, Suldal kulturhus (med Gullgutane)
  • 13. april:  Riksscenen for folkemusikk, Oslo (med Kroke)
  • 14. april:  Union Scene, Drammen (med Kroke)
  • 16. april:  Vossajazz (med Kroke)

Allereie i mai kjem det ei ny utgjeving frå Tindra. På Førdefestivalen sommaren 2010 starta dei tre damene eit samarbeid med trioen Kroke, eit av Polen sine mest profilerte Klezmerband, som turnerer over heile verda. Konserten vart ein klar suksess , som no vert overførd til CD.

Musikarane i Tindra møttest under studiar ved Norges Musikkøgskole. Dei er Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland på song, Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal på fele/hardingfele, og Irene Tillung (1977) frå Voss på. Forutan ei lang rekkje konsertar for både born og vaksne i Noreg, har Tindra turnert i Vietnam, India, Georgia, Sudan og Sri Lanka.

Interesserte finn meir informasjon på denne heimesida. Diu kan óg gå vidare til Facebook-sida til Tindra, eller sjekke ut MySpace-sida deira her.