No blir stillinga lyst ut på nytt.
- Ja, vi kjem til å lyse ut stillinga igjen. Ettersom ingen søkte ved fyrste utlysing, kjem vi også til å vurdere teksta i stillingsannonsen, seier instituttleiar Frode Thorsen.
Tidlegare førsteamanuensis ved samlinga, Ingrid Gjertsen, gjekk av med pensjon 1. oktober i fjor. Sigbjørn Apeland er for tida vikar i stillinga, i 50 %.
Eitt av krava til stillinga er fullført doktorgrad. Fleire bladet Folkemusikk har snakka med, meiner ein bør omdefinere den omtala stillinga til ei rein rekrutteringsstilling for stipendiatar. Thorsen er ikkje samd.
- Den som skal ha denne jobben, skal leie ei samling, og samstundes vera i eit forskingsnettverk. I tillegg skal vedkomande drive undervisning, til dømes som rettleiar for mastergradsstudentar. Å skrive doktorgrad er krevjande. Skal ein samstundes ivareta samlinga og drive rettleiing, er eg redd vedkomande får det travelt, seier Thorsen.
Har det vore nedskjeringar ved samlinga dei siste åra som gjer at stillinga er lite attraktiv?
- Det humanistiske fakultetet, som Griegakademiet og samlinga er ein del av, har vore i ei økonomisk krise. 15 stillingar skal vekk i løpet av ein treårsperiode, noko som betyr at alle ledige stillingar må vurderast på nytt.
- Det galdt også stillinga til Gjertsen. Vi har kjempa for å halde på nett denne stillinga, noko vi fekk gehør for til slutt, seier Thorsen.
Denne artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Du kan lese meir om Arne Bjørndal-samlinga på denne lenka, og meir om Bladet Folkemusikk her.