I Tokyo har hardingfelespelar Rio Yamase etablert eit  japansk hardingfeleinstitutt med vel 20 elevar. Det er eit gryande samarbeid mellom instituttet, reiselivsnæringa og hardingfelemiljøet i Hardanger.

Hausten 2010 vart det arrangert ein konkurranse mellom studentane ved instituttet. Knut Hamre og Frank Rolland var jury og valde ut dei to studentane som no får eit to veker langt studieopphald i Hardanger. Opphaldet skal gje dei god kjennskap til hardingfeletradisjonane, og gje dei høve til å vidareutvikla kompetansen sin.

- Dette er ein spesiell moglegheit for meg. I Japan lærer eg av japanske lærarar, men hardingfela er norsk. Derfor ynskte eg å få undervisning frå norske lærarar, fortel  Sayuri Yano til NRK Hordaland.

Knut Hamre er særs nøgd med elevane, og skryt gjerne av interessen deira:

- Eg brukar akkurat den samme metoden som eg brukar på dei som kjem fra nabolaget her. Det er frå øyre til øyre. Det er utruleg fascinerande at dei er så aktive og grundig., seier han.

Det faglege innhaldet er tilrettelagt av mellom anna Hardanger folkemuseum, fylkesmusikarane i Hordaland, kulturskulane i fire av  Hardangerherada, samt Frank Rolland og Knut Hamre.

Kristina Shizuka Yamase seier at ho håper å ta med mykje god hardingfele-kunnskap med heim til Japan.

- Vi filmer stykkene som Knut spiller, slik at jeg husker det når vi komme tilbake til Japan. Jeg er halvt norsk og halvt japansk. Derfor vil jeg ta med kultur fra Norge til Japan.

Det er Reisemål Hardanger Fjord og Hardangerrådet som er vertskap for opphaldet, medan reise og opphald er sponsa av Tumlare, SAS og hotell i Hardanger.

Interesserte kan sjå heile reportasjen frå NRK Hordaland på denne lenka. Du kan òg lese meir om Rio Yamase og det japanske haringfeleinstituttet på hardanger-club.or.jp/.