Under Landskappleiken på Geilo i 2007 vart Halvdan Furholt peikt ut som æresmedlem i Landslaget for Spelemenn (LfS). Han fekk utmerkinga for eit livslangt engasjement for folkemusikken og for opplæring i sine heimtrakter. Han har møtt mange eldre felespelarar frå Agder-områda gjennom eit langt spelemannsliv, og har sjølv spelt mange slåttar frå Agder.
Han byrja å spele hardingfele i 16-17-årsalderen, med broren Otto som den fyrste læremeisteren. Han lærte óg mykje av Andres K. Rysstad (1893 – 1984) frå Setesdal, og har hatt Gunnar Austegard og Kjetil Løndal som læremeistarar. Han har vore aktiv i Kristiansand spelemannslag i ei årrekkje, og har vore med på festivalar og landskappleikar heilt sidan 1950. Sidan 1978 har han spela i klasse A. Han deltok på Landskappleiken på Voss så seint som i fjor.
Saman med dottera Ragnhild Furholt og broren Otto Furholt gav han ut albumet og kassetten Agderkrullar (1981). Han var òg med på plata Fra den sørlandske folkesjel (1984), som domorganist Bjarne Sløgedal gav ut. Furholt gav sjølv ut CD-plata Agderslåttar i 2002. I tillegg til medverking på ei rekke kassettar og plateutjevingar, har han vore med på folkemusikkprogram i radio og fjernsyn. Han har óg vore domar i spel og kveding.
Halvdan Furholt blei æresmedlem i Vest-Agder Mållag i 2001, og har vore leiar av Songdalen Mållag i ei årrekkje. Han var óg leiar i Vest-Agder Mållag i fleire år , og har m.a. arbeidd med skulemålsrøystingar på Agder.
Han vart tildelt kulturprisen i Songdalen i 2001, samme år som han óg fekk Kongens fortjenstmedalje. I grunngjevinga for desse utmerkelsene heitte det:
”Halvdan Furholt har betydd mye for folkemusikken på Agder, og har sammen med sin bror Otto Furholt og Torbjørg Åmli Paus vært sterke støttespillere i Kristiansand Spelemannslag og BUL. Som spillemann har han tatt vel vare på de spesielle tradisjonene både i slåtteform, takt og tonalitet, og har etter hvert utviklet et personlig stilpreg.”
Furholt er ellers utdanna lærar, med m.a. musikk som tilleggsfag. Han var tilsett ved Songdalen Ungdomsskole 1967–95, og var rektor i ti av desse åra.
FolkOrg og Folkemusikk.no ønskjer hjarteleg til lukke med dagen!