Gudbrandsdalskappleiken 2010 hadde deltakarar  i heile 19 ulike klassar i spel og dans. No er det straks tid for å melde seg på dette årets GF-stemne, som skal gå føre seg i Heidalshallen. Arrangørar er Mukampen Spelmannslag og Heidal Spel- og dansarlag

Det blir i år tevla i følgjande klasser:

  • Spel fele junior
  • Spel fele senior
  • Vokal
  • Solo andre instrument junior
  • Solo andre instrument senior
  • Grupper utan komp
  • Dans junior
  • Dans senior
  • Lagdans/mønstring (ikkje dømming)
  • G-dans – Masurka  (påmelding og betaling «der og da», kr. 20 pr. pers.)
  • Grupper med komp – 5 nummer
  • Lagspel junior  - 2 nummer
  • Lagspel senior – 5 nummer, minst ein springleik

Dei tre siste kategoriane spelar også til dans.

- I tillegg vil vi oppmode dei unge opptil fyllte 12 år om å stille i ei eige rekruttklasse. Dette gjeld både både solo og grupper, og alle instrument. I denne klassa er det  inga påmeldingsavgift, fortel arrangørane.

Påmeldingsavgifta for dei litt eldre er elles som følger:  150,- pr. vaksen person, 100,- for juniorar, 300,- for grupper , 500,- for lag, og 350,- for lag junior.

- Blanda klasser

Stemnekontoret vil vera ope frå kl. 11.00 denne laurdagen. Det er også moglegheit for øvingsrom frå same klokkeslettet.

- Vi vil «blande klassane» under tevlinga for å gjera programmet variert og publikumsvenleg. Det blir dessutan høve til å få kjøpt seg mat og drikke heile dagen, skriv arrangørane, som ønskjer både tevlarar, dommarar og publikum velkomne til triveleg stemne i Heidalshallen.

Mukampen Spelmannslag er ei sammenslåing mellom Skåbu og Heidal spelmannslag. Dette ble gjort  høsten 2007. Sommaren  2010 vart laget Noregsmeistre på Landsfestivalen i gammeldansmusikk, der det deltok 21 lag

I fjor haust vart dei óg kåra til nordiske mestre i folkemusikk i Sälen i Sverige, og vart det fyrste laget fra Noreg som makta den bragden.

 

Heidal Spelmannslag

Påmelding til GF-stemnet skal skje innan 20. mars. Betalinga merkast med «GF-stemne 2011» og kva/kven det gjeld, og må gå inn på konto 2105.07.26190 innan 25. mars 2011. Interesserte finn meir informasjon på http://heidalspel.blogspot.com/.