Spelemannen frå Bø i Telemark gjekk av med sigeren i hardingfele klasse A under Landskappleiken på Voss i fjor, og ein del av vinnarpremien var platekontrakt med plateselskapet ta:lik. Buen Garnås har tidlegare gjeve ut soloplata ”Åleine” i 2001, og har sidan den gong gjeve ut fleire plater med mellom anna Daniel Sandén Warg og systera Ingvil Marit Buen Garnås. ”Seljord anno 1935” vert hans fyrste reine soloutgjeving på 10 år, og tidlegare denne veka gjekk Buen Garnås i gang med innspelinga av den i Bø kyrkje saman med produsent Anders Røine.
- Dei fire felene - to av onkel Hauk Buen (1998 og 2003), ei av Hauks onkel John Tjønn (1963) og ei av bestefar Anders Buen (1967) er i toppform, og den firestjerners gullbogen av Heinz Dölling er i toppstrøk, skriv han på heimsida si.
- Fyrste innspelingsdagen fekk me inn 10 slåttar, og like mange slåttar blei spela inn på dag to. Så da er alle slåttane som kan hamne på CD-en forsøkt spela inn. Heile veka er til disposisjon for dette prosjektet, og nå gjenstår det å sjå om det er verdt å gjera nye forsøk på nokre slåttar, før me skal gjera det endelege utvalet. Mastring vert i slutten av mars.
På CD-prosjektet ”Seljord anno 1935” vil ein få høyre smakebitar av spelestilar og slåttar ein kunne høyre i Seljord i nettopp 1935, då storspelemannen Eilev Smedal var heime i frå Amerika. Dette er spel etter han, samt Eivind Mo, Kjetil Flatin, Torkjell Haugerud, Høye Kvåle og Harald Manheim (gjennom sønene Magne og Gudmund).
- Men sjølvsagt er "Per Anders anno 2011" ein også viktig ingrediens i prosjektet, avsluttar han.
”Seljord anno 1935” vert sleppt under Landskappleiken i nettopp Seljord til sumaren.