Bensinstasjonen vart lagt ned for 10 år sidan, men no arrangerast det musikkfestival for andre gong på den nedlagte bensinstasjonen i bygda Bøgrend. Til vanleg tel den vesle bygda omlag 70 menneske, men i løpet av denne veka vert befolkninga over tidobla når publikum frå heile landet legg turen til Bøgrend Autofest.
Blant artistane på festivalen finn ein Stein Torleif Bjella, Kråkesølv, Frida Ånnevik, El Cuero og fleire andre artistar i sjangrar som rock, folkemusikk, jazz og elektronika. I tillegg vert det spelt musikk frå sveivegrammofonar, og det vert arrangert bingo.
- Me ønskjer å gje folk musikk dei ikkje visste dei lika, på ein stad dei ikkje visste dei kom til å trivast. Å arrangere ein festival på ein bensinstasjon kan i utgangspunktet høyres ut som eit påfunn, men sanning er at verkstadhallane egnar seg svært godt for konsertbruk, seier festivalsjef Asgaut Bakken.
I tillegg til musikken vert det også kulinariske opplevingar av høg kvalitet. Turbobudeia Bodil Irene Nordjorde er ei dei som serverar lokalprodusert mat under festivalen.
Eksklusiv festival
Bensinstasjonen har begrensa kapasitet, og berre 400 publikummarar kjem inn på festivalen.
- Det er framleis nokre festivalpass igjen, så dersom nokon har lyst til å oppleve ein av Noregs mest eksklusive og fascinerande festivalar, er det berre å kaste seg rundt og kome til Bøgrend, avsluttar Bakken.
Bøgrend Autofest startar torsdag 4. august med ei minnemarkering etter hendingane på Utøya og i Oslo. Her vil mellom anna Ingebjørg Bratland holde ein konsert. Festivalen varar fram til sundag 7. august. Du kan lese meir om tilskipinga på www.bogrend.no.