”Årbok for norsk folkemusikk 2001” samla ti artiklar om det mangfaldege arbeidet til Eivind Groven. Han var komponist og forskar, folkemusikksamlar, spelemann og radiopioner. Han var fødd 8. oktober 1901 i Tokke i Telemark, og døydde i februar 1977. ”Grovens innsats for norsk folkemusikk kan ikkje verdsetjast høgt nok”, skreiv årbok-redaktør Tore Skaug i 2001.
Utdraget Folkemusikk.no her presenterar er henta frå kapittelet ”Radiopioneren Eivind Groven”, og er førd i pennen av Dagne Groven Myhren. Årboka var eit bidrag til markeringa av Groven sin 100-årsdag, og inneheldt også ein CD med felespelaren Eivind Groven.
Av Dagne Groven Myhren
"På nyåret i 1931 fekk Eivind Groven, som då var 29 år gamal, tilbod om å vera fast folkemusikk-konsulent, og takka ja. I eit optimistisk brev heim 21. februar 1931 skriv han:
”Du veit du far rødde um at Liestøl vilde ha meg til å bestemme programmet for folkemusikk i radio. Eg hev no fenge den posten.”
Han skal finne fram til utøvarar og setje saman program. Ein gong i månaden skal han spela sjølv eller i alle høve stå for programmet, for det skal han og ha kr. 50. Det blir ei månadsløn på kr. 100. Men han vonar løna skal gå opp når han berre kjem i gang.
Han oppfordrar dei heime om å fylgje med, kome med idear og gje meldingar attende. Det gjer dei og. Både dei på Grovenm og dei utflutte brørne, Sverre og Aasmund, er ivrige lydarar. Dei veit å fortelja kva dei likar og ikkje likar, og kva fok elles meiner om det dei høyrer.
Lydarar andre stader i by og land engasjerte seg sterkt. Dei fylgjer med i krystallapparat og høyretelefonar. Etter kvart får fleire og fleire brukelege høgtalarar, og med det betre attgjeving. Entusiastar bed huset fullt når laurdagen kjem med folkemusikk i radioen frå 18.15 – 18. 45, og sume pyntar seg som til høgtid.
Far til Eivind gjev ei lita skildring som nok er representativ:
”Det er jamnast fullt av lydarar naar du spilar hjå alle som hev radio. Såve Straumstøyl bur på Sandok og hev god høgtalar og neslendingane med Paradisen som sakkunnig sit stille som i kyrkja på romet hans naar du spilar.”
Paradisen, eller Halvor Paradis, var ein spelemann og slåttekjelde som Eivind skreiv opp slåttar etter.
Snart hadde nær sagt alle ei meining om det dei høyrde. Eit inntrykk som feste seg mellom folkemusikkframande lydarar var at det var Eivind Groven som spela kvar gong dei høyrde hardingfele i radio! Slik var det til langt ut i 1950-åra då ansvaret for programma for lenge sidan låg hjå andre.”
Det verkar noko uklart når den første sendinga av ”Folkemusikkhalvtimen” gjekk på lufta. Wikipedia skriv at det skjedde 8. mars 1931, medan Dagne Groven Myhren slår fast 7. mars som rett dato. Folkemusikk.no ønskjer i alle høve Norsk Rikskringkasting, Leiv Solberg og alle andre hjarteleg til lukke med dagen!