Eckbo legaters folkemusikkpris for unge utøvarar ble oppretta i 2001, og ble i 2010 utdelt for 10. gong. Prisen har til føremål å inspirere unge folkemusikkutøvarar. Prisen kan gjevast til enkeltpersonar under 18 år som på ein spesielt god og aktiv måte har sytt for auka merksemd om folkemusikkens uttrykk.

Eckbo legaters folkemusikkpris for unge utøvarar er på kr. 15.000, og det følgjer eit diplom med prisen. Innsendte forslag blir behandla av ein uavhengig jury oppnemnt av Eckbos Legater.

Tidligare prisvinnarar er Ottar Kåsa frå Vinje, Kristin Gravaune frå Oppdal, Øystein Nilsen frå Haugesund, Ingebjørg Harman Bratland frå Vinje, Thea Tunås Bratteng frå Hallingdal, Tor Hoslemo frå Setesdal, Gjermund Bråten frå Hallingdal, Guro Kvifte Nesheim frå Oslo og Helga Myhr frå Ål.

Frist for innsending av forslag til kandidatar er 1. mars 2011.

Forslaga må innehalde: 

   
fullstendig namn på kandidaten
• adresse til kandidaten
• objektiv grunngjeving – kandidatens virke
• subjektiv grunngjeving – kvifor kandidaten er foreslått.
• namn, adresse, telefon og e-postadr. til innsendaren.

Forslaga sendast til 

Telemarkfestivalen,
Gullbringvegen 34,
3800 Bø.

Forslag kan og sendast elektronisk til  post@telemarkfestivalen.no. Heimesida til Telemarkfestivalen finn du som vanleg her.