Som vanleg byr VossaJazz på rikeleg med både folkemusikk og jazz, verdsmusikk og rock. På fredagen opptrer mellom anna klezmerbandet Kroke og dei svenske folkemusikarane i Hoven Droven, saman med Buicken, Dungen, Hilde Marie Kjersem og deLillos.

Hoven Droven spelar óg ei frikonsert på Torget på laurdag. Tidlegare på laurdagen spelar mellom anna Benedicte Maurseth, Kroke og Tindra, medan Badnejazz med Håkon Kornstad tek til klokka 13.

Folketonar etter Tveitt

I Osasalen kan du laurdag ettermiddag få med deg konsertframsyninga ”Fodne svara ho stlt”, med Åsne Valland Norli, Berit Opheim Versto , Benedicte Maurseth og  Sigbjørn Apeland . Framsyninga har sprunge fram av eit ønskje om å formidla nokre av dei mange vakre folketonane frå Hardanger som Geirr Tveitt i si tid samla.

Vi vil og nemne konserten med plateaktuelle Karuzelska, som er eit polsk-norsk orkester med Jørn Simen Øverli og Tora Augestad.

Jazz og ekstremsport

Ekstremjazz er det Karl Seglem som er kunstnerisk leiar for. Dette arrangementet startar laurdag klokka20, og går føre seg utandørs ved Voss Kulturhus.

- Det vert garantert ei spektakulær framsyning med Karl Seglem og Jazzeld ispedd nokre av verdas beste ekstremsportutøvarar, seier arrangørane. - Det same kan me lova til årets tingingsverk for Badnajazz, «Eg è liten eg, men eg vaoga meg» , der nær 100 vossatassar framfører folketonar med stor innlevingsevne. 

Sundag med Fliflet og Hamre

Tingingsverkjet ”Eg e liten eg” blir framførd klokka 12.30 i Vossasalen. Denne dagen får du óg møte Annlaug Børsheim, som syng, spelar hardingfele, fem-strengs fele, gitar og det vesle indiske drone-harmoniumet shruti-box.

Annlaug Børsheim

Dei som såg Spellemannsprisen, fekk kanskje med seg Christianssand String Swing Ensemble. Dei kjem til Vossa Jazz saman med Gabriel Fliflet og Ole Hamre.

- Dette er det motsette av inadvendt og skobeskuande – fram kjem Django Reinhardt, arm i arm med Harald Sæverud og med Duke Ellington på slep. La det blide sørland og det superblide vestland gjera deg blid òg!

Tingingsverk med Eick

- Årets tingingsverkkomponist Mathias Eick stiller ein seg store forventningar til. Han har avslørt at han vil bruka sjansen til å forsera eit meir elektronisk lydlandskap, verket har fått tittelen ”Voss”.

Opningskonserten står Overtone Quartet med m.a. den kjende bassisten Dave Holland for. Det skulle sikra helga for alle hardbarka jazzfans, skriv VossaJazz på heimesida si. 

Andre aktuelle artistar er m.a. Terje Rypdal, Vidar Busk, Stefan Pasborg og Tomasz Stanko.

Fullstendig program finn du på www.vossajazz.no. Du kan lese meir om ”Eg er liten eg…” på denne sida frå Folkemusikk.no.