For fjerde år på rad inviterer Førde til kulturkonferanse. Tittelen på Førdekonferansen 2011 er Kompetanse i kulturlivet - Mytar, meiningar og kunnskap. Innleiingsforedraget er ved statssekretær i kulturdepartementet Lubna Jaffery.
Andre innleiarar er mellom andre teatersjef Ellen Horn, førsteamanuensis på BI, Donatella di Paoli og kommunikasjonsdirektør Siren Sundland i Sparebanken Vest.
Dei vil m.a. diskutere kva for kompetanse som trengst hos dagens kunstnarar, gründarar og tilsette i kulturbedrifter/kulturinstitusjonar. Er det mest og breiast mogleg eigen kompetanse som fører til suksess, eller blir vi best av å samarbeide med spesialiserte kompetansemiljø?
Programmet for Førdekonferansen 2011 ser slik ut:
Torsdag 7. juli, kl. 11-17
11:00 Opning og innleiing ved Lubna Jaffery, statssekretær i Kulturdepartementet
11:30 Donatella de Paoli, førsteamanuensis ved BI: Framtidas kulturformidler - generalist eller spesialist?
12:15 Ei samtale om kompetanse. Synnøve Bjørset, musikar, Nicolas Møllerhaug, produsent ved Festspillene i Bergen og Siren Sundland, Sparebanken Vest - i samtale med Martin Revheim.
13:15 Lunsj
14.15 Eli Grete Høyvik: “Om å leve av kulturelt arbeid. Myter om kamelsluking, forretningsmodellar og nettverk!”
14:45 Ellen Horn: “Gi meg de brennende hjerter! Kulturlivet trenger modige ildsjeler med god kondisjon, kompetanse og lidenskap.”
15:30 Pause
15:45 Debatt og kommentarar leia av Martin Revheim.
17:00 Konferanseslutt
18:00 Mottaking
20:00 Opningskonsert Women's World
Martin Revheim i MIC Norsk Musikkinformasjon leiar konferansen. Arrangørar er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune, Høgskulen Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest og Førdefesivalen.
Påmeldinga for konferansen opnar 1. april. På denne sida hos Førdefestivalen kan du melde deg på, samt finne meir informasjon om innleiarane.