Som styremedlemer for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival for perioden 01.01.2011 - 31.12.2012 vart desse oppnemnt:
- Medlemer: Kristin Hille Valla, Lillehammer, Ivar Svensøy, Førde og Mari Andrea Ness, Viksdalen.
- Vara: Kjetil Solvik, Jar, Gabriela Lukassen, Kverva og Margunn Masdal, Førde.
Også Representantskapen har vald inn styremedlemmer. Desse blei oppnemd:
- Medlemer: Arild Herstad (ny), Jens Brekke (attvald), Eva Kristin Svidal (ny)
- Vara: Magnus Hope (attvald), Dagfrid Vallestad Brevik (ny), Synnøve Bjørset (attvald)
Førdefestivalen er ein årleg festival, som første gong blei arrangert i 1990. Festivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda, og reknas som det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Noreg. Hilde Bjørkum har vore direktør for festivalen sidan 2005.
Over 3000 musikarar frå heile verda har hatt stått på scena i Førde i løpet av dei 20 åra festivalen har eksistert. Temaet for festivalen i 2010 var Fridom og undertrykking, med artistar som Orquesta Chekara Flamenca, Altan, Frigg, The Kamkars, Aurelio Martinez, Malouma, Warg / Buen, Unni Boksasp Ensemble og Annbjørg Lien.
Festivalen i 2011 vert arrangert frå 7. til 10. juli. Interesserte finn meir informasjon på denne heimesida.