Dalarnas Spelmansförbund vart etablert i 1943. Fyrste leiaren i laget var den legendariske spelemannen Knis Karl Aronsson (1913–1980), også kalla Knis Kalle.

Knis Kalle var levande oppteken av folkemusikken i grenselandet mellom Noreg og Sverige, og knytte tidleg kontakt med spelemannsmiljøet vest for grensa.

- Spelemennene i Glåmos har i alle år hatt stor kontakt med spelemenn i Sverige, fortel Jens Nyplass, leiar i Glåmos Spellmannslag. Han lovar festar, konsert og dans i gatene under Knis Kalles Minne. Det blir også konsert under gudstenesta sundag.

Pontus Seldermann, leiar i Dalarnas Spelmansförbund, fortel at det er venta over 300 svenske spelemenn til Røros.

-Det er ti år sidan sist vi møttest, og vi vil gjerne halde liv i kontakten med nordmennene, seier han.

Dalarnas Spelmansförbund er ei samanslutning av spelemenn og andre folkemusikkinteresserte i Dalarna i Sverige. Dei har omkring 1500 medlemmer, og er organisert i eit 40-tals spelemannslag.

Glåmos Spellmannslag har opp mot 20 aktive spelemenn og -kvinner, alle på fele, og med Olav Nyhus på harpeleik.

I år feirar laget 61 år, og i det høvet skal NRK lage ein dokumentasjon om kontakten mellom spelemennene langs riksgrensa. Dei vil også gjera opptak frå arrangementet i mai.

Projekt1

Interesserte finn heimesida til Dalarnas Spelmansförbund her, og kan lese meir om Knis Kalle og historia deira på denne sida. Artikkelen er henta frå den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk, der Knut Aastad Bråten er redaktør.