Onsdag 27. april var det stor lansering i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22 i Oslo, der Symra held til. Rundt 80-90 frammøtte fekk sjå nærare boka, som vart presentert av redaktør Vebjørn Bakken. Boka er delt inn i 50 kapitler, og inneheld òg ein DVD med meir enn 10 000 historiske bilete.

Boka er på 304 sider i A4-format, og har stive permar og god kvalitet på papir og innbinding. Ho inneheld meir enn 830 bilete – dei aller fleste i fargar – og over 50 diagram/faksimilar.

- Både skrift og bilete blir store, så det blir greitt å lese også for oss som er litt opp i åra, seier Boknemda, der vi finn Vebjørn Bakken, Marianne Dahl, Nina Evje, Erik Haugros og Inger Varhaugvik. Vebjørn Bakken er òg leiar i leikarringen, som er tilslutta Bygdelagssamskipnaden i Oslo.

Stor aktivitet

Boka er som nemd delt inn i 50 kapittet som fortel om dei ulike aktivitetane og folka i Symra - og i folkedansmiljøet meir generelt. Det er store kapittel og mange bilete frå Viljan-samarbeidet, utanlandsturar, Nordleik, Isleik, NU-stemnet, BLS-stemnet, fjellturar, julefestar og andre festar, framsyningar, stildansen, 17. mai-dansing, øvingskveldar, kurs, bunader og mykje meir.

- Dessutan finn du omtale/bilete av alle rettleiarar, spelemenn og leiarar. Vi har også med ei liste over alle dei ca 1000 som har vore medlemer gjennom åra ,og når dei var medlem. Mange ”rammer” med morosame episodar og hendingar finn du gjennom heile boka. Vebjørn Bakken har skrive det meste av boka, men også andre medlemer har skrive ein del. På alle bilete er namna på alle personar tatt med.

Også med DVD

DVDen som følger med boka, inneheld over 10 000 bilete frå alle aktivitetane i Symra gjennom 50 år. Bileta er samla i katalogar slik at det er lett å finne fram

”Symra 50 år : 1960 - 2010” blir trykt i 300 eksemplar. Bok og DVD kan også kjøpast separat. Boka kostar kroner 300,- og DVDen hundre kroner. Dei kan bestillast ved å sende pengane til Symras konto: 0536 42 59354.

- Vi håper mange vil kjøpe og lese ei særs fin og spennande bok om livet i Symra i 50 år – om folk og hendingar – ja, om alle du kjenner eller kjente godt eller mindre godt!

Interesserte finn heimsidene til Leikarringen Symra her. Dette er den største og mest aktive leikarringen i Oslo, med rundt 50 deltakarar på kvar øvingskveld. Dei faste øvingane i ringen er kvar onsdag, i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22, kl 19.30 - 22.00.