Av Kjell Bitustøyl
Fauskivalen i Hemsedal gjekk av stabelen for andre gong i helga med eit breitt tilbod av artistar. I ei tid der det blir stilt spørsmål ved om folkemusikken når ut, er eitt svar: sjå kva som skjer på festivalar som satsar på tvers av sjangrane. Fauskivalen er ein slik festival, der folkemusikken opptrer i lag med rock, pop, viser og jazz. Og viss ein skal snakke om ein trend i tida, er kan hende nettopp dette karakteristisk for utviklinga innafor festivalsjangeren i dag. Her føyar Fauskivalen seg inn i rekka saman med Vinjerock i Jotunheimen og Bøgrend Autofest i Vinje.
Det er gründer og mangeårig drivkraft i folkemusikken i Hemsedal, Knut Fausko, som har drege i gang Fauskivalen på garden Fausko, eit kultursentrum i Hemsedal. Han har, som Rudi gard i Sør-Fron i si tid gjorde, bygd opp eit ute-amfi og lagt til rette for konsertar, dans, og sosialt samvere i eit triveleg gardsmiljø.
Den restaurerte skysstasjonen på garden fungerer både som overnattingsplass og konsertarena, i tillegg kjem servering av mat og drikke. Og fleire hus er bygd om og lagt til rette for nettopp å kunne ta i mot ein god porsjon tilreisande som vil oppleva kultur i eit miljø litt utanom det vanlege.
Fauskivalen som idé starta eigentleg opp som ein liten uformell musikalsk "happening" i 1983 i reiskapshuset på garden Fausko, her møttest vener og lokale musikarar med ulik musikalsk bakgrunn til ei morosam helg der spel og dans stod i sentrum. To år varte dette, og det kan nemnast at ei tidleg utgåve av Hellbillies, før dei hadde blitt Hellbillies, opptredde her.
I 2010 dukkar så Fauskivalen opp att i eit heilt anna format, men ideen med musikk på tvers levde vidare. Og folkemusikken hadde sin sjølvsagte plass. Suksessen var eit faktum med mykje folk som strøymde til, og med det låg det til rette for ein ny festival i 2011. Og som alle festivalar med respekt for seg sjølve, satsa også Fauskivalen på eit bestillingsverk. Bygdas store, men litt tilbaketrekte son, musikaren Erik Wøllo stod for bestillingsverket "Electronic Voyage".
I programmet for festivalen er han presentert som komponist og verdsmusikar. Han har lang fartstid bak seg som ein uvanleg dyktig gitarist, starta med pop og rock, han har vore innom jazz, men har enda opp innafor ein meditativ elektronisk musikksjanger, noko han har gjort stor suksess med i utlandet ikkje minst, blant anna USA og Japan. Wøllo har samarbeidd med ei rad med musikarar, det er nok å nemne den indiske fiolinisten Dr L Subramaniam, så skjønar ein at Erik Wøllo har nådd langt.
I Hemsedal hadde Wøllo med seg Koame Sereba, årets norske folkemusikar i 2010, som gjest. Dei har bl.a. samarbeidd på eit plateprosjekt. Og publikum fekk oppleva ei musikalsk reise utanom det vanlege inn i natta ute, med storskjerm med animasjonar som visuelt tillegg. Konserten blei ei oppleving ikkje minst mange hemsedølar nok hadde sett fram til. For Wøllo har ikkje opptredd på heimebane sidan tidleg åttital.
Laurdagen var den store konsertdagen på Fauskivalen - med utekonsert i over 5 timar i amfiet. Og her dukka opp ikkje minst lokale utøvarar der folkemusikken var sterkt til stades. Innimellom reggae, rock og countryrock, representert med gruppene Bitu & the Bandits, Hjerterknekt og Det Betales, fekk me bl.a. oppleva eit lokalt folkrockprosjekt med ungdom frå store delar av Hallingdal med hardingfeler, kveding, springar og lausdans, kombinert med meir elektriske tonar.
Dei to unge lovande hardingfelespelarane Åsmund Fausko og Lars Fivelstad Smaaberg frå Gol klemte til med saftige hallingslåttar, og lausdansaren Øystein Bråten frå Torpo, imponerte stort på det glatte dansegolvet. Songarane Margit Fausko og Astrid Wøllo, båe frå Hemsedal, stod for eit allsidig og uvanleg friskt uttrykk der repertoaret spente frå lokale stubbar og kjende folkemusikkviser til coverversjonar av Vamp og Kate Bush. Mange merka seg elles folkesongen til Lars Fivelstad Smaaberg. Brått skjønte me kvifor han vann yngste klasse vokal på Landskappleiken i år.
Folkemusikken var elles sterkt synleg ved at hemsedølen Arne Anderdal hadde plateslepp med "Godsruta", som er debut-CDen til denne trugne og etterspurde spelemannen som har busett seg på Voss. Her hadde Anderdal med seg eit solid knippe musikarar: Erlend Styve, Leif Ingvar Ranøien, Anders Hall og Olav Undeland.
Fauskivalen sin profil handlar om å folke opp rockemusikken og å rocke opp folkemusikken. Det kanskje fremste eksemplet på dette siste er for tida gruppa Sver, som har ein energi som slett ikkje ligg tilbake for mange rockegrupper, samtidig har dei ei musikalsk nerve som ligg tett opp til spelemannsmusikken.
Dette farlege brygget har vist seg å fenge mange folk, slik òg i Hemsedal. At Sver var sett opp til å avslutte dansen på laurdagskvelden, viser at folkemusikkuttrykk slett ikkje treng å vera plasserte i eigne "menighetslokale" for seg, her var polsrytmar og reinlendervek i ein salig rytmisk blanding som skapte stor trengsel på dansegolvet, og det med mesteparten folk ein aldri ser på ein kappleik. Å dokumentere korleis det blir dansa på dansegolvet til slik musikk, må vera ei spennande utfordring til danseforskarar av i dag!
Jau, folkemusikken lever og når ut til folk! Det gjeld berre å hjelpe folk inn ved å få musikken ut til der folk er. At Fauskivalen i så måte er inne på eit interessant spor, er ikkje vanskeleg å sjå.
Interesserte kan lese meir om Fausko Skysstasjon på denne nettsida. Meir om sjølve festivalen kan du lese på denne sida, eller på denne sida frå Hemsedal kommune. Stor takk til Kjell Bitustøyl for denne artikkelen - vi oppmodar gjerne andre til å sende inn stoff frå heile landet!