I 10 år har Badnajazz skapt musikk, verkstader og anna aktivitet for, av og med born. Dette vart feira med utgjevinga ”Eg è liten eg, men eg vaoga meg” rett før jul. CDen inneheld 16 folketonar frå Voss, sunge av over 100 born frå Småkvedarane på Voss og Vossestrand, Mini/Midi/Tween Sing og Vossakidz/-teenz saman med profesjonelle musikarar og musikkstudentar.
Sundag 17. april får du oppleva dette live i Vossasalen, som årets Tingingsverk til Badnajazz! Tittelen er teke frå eit gamalt slåttestev.
- Dette er eit særdeles sprekt prosjekt, og ungane gir alt dei har, noko som vert gjenspegla i det ferdige resultatet: Her er ektefølt musikkglede, tradisjonar i ny drakt og entusiasme frå ende til annan, skriv VossaJazz.
På konserten medvirkar Småkvedarane på Voss og Vossestrand , Mini/Midi/Tween Sing, Voss Gospel Kidz og Gospel Teenz. I tillegg kjem Kari Finne Sognnæs (vokal), Einar Mjølsnes (hardingfele), Jonas Vedde Ødegård (gitar), Erlend Styve (ulike strenginstrument), Bjørnar Kaldefoss Tveite (bass), Kåre Opheim( trommer) og Håkon Kornstad (saksofon).
Berit Opheim Vesto og Kari Finne Sognnæs var kunstneriske leiarar for plateprosjektet. Plata vart lansert i desember i fjor, og baud på både jazz og folkemusikk.
Konsert under VossaJazz 2011: Sundag 17. april: KL. 13:00, Vossasalen.
Du finn meir informasjon på www.vossajazz.no. Du kan og lese meir om heile programmet på denne sida frå Folkemusikik.no.