Artikkelen om ”Draumkvedet” har fått sju sider i det ferske musikkmagasinet. Ingebrigtsen skriv om si personlege erfaring med verket, som første gong vart skrive ned i Vest-Telemark på 1840-talet. Han tek for seg tekstinnhaldet, og meinar at ”Draumkvedet” rommar noko meir enn ”visjonære vers i vokal folkedrakt”. Han skil óg mellom den munnlege og den skriftelege versjonen, der den sistnemnde framfor alt vart utforma av Molkte Moe i 1893-94.
”Draumkvedet” inneheld som kjend ei blanding av norrrøne og katolske element, og har vist seg vanskeleg å tidfeste. Georg Johannessen har med sin spisse retorikk karakterisert det nedteikna verket som ”eit skriftprodukt frå Kristiania mellom 1853 og 1912”, og eit kvart forsøk på datering for ”ein selskapsleik”.
Espen Ingebrigtsen tek også opp spørsmålet om autensitet, og skriv mellom anna dette:
”Songarane av ”Draumkvedet” jobba ikkje på Vest-Telemark museum, dei berre song stev og balladar som dei hadde lært av far, farmor og oldefar. Mødrer i Vest-Telemark hadde ikkje berre mysytisk-visjonære grunnar for å syngje ”Draumkvedet” for ungane sine heime i dei mørke tømmerstovane. Dei song korte eller lengre element, falskt eller harmonisk, med klår eller sprukken røyst, der nokre delar av teksten vart overleverte uforandra gjennom generasjonane, og andre ikkje.”
Dette satt i kontrast til Moltke Moe, som i følge artikkelforfattaren gjorde mykje for å få ”Draumkvedet” til å ”framstå som ein antikvitet og ikkje ein aktivitet”. Ingebrigtsen siterar óg nyare forskarar, slik som Gudleiv Bøe og Magne Myhren, og trekk fram ”Draumkvedet. Diktverket og teksthistoria” frå 2002 som eit viktig bidrag.
Han tek óg med dette utsagnet frå Aslak Høgetveit om ”Draumkvedet ” sin plass i songkulturen i Vest-Telemark:
”Det heiter seg no frå gamalt av at det er ingen som er så kunning at han kan heile ”Draumkvæe”, men det er heller ingen som er så ukunnig at’n ikkje kan noko”.
Ingebrigsten meinar at den moderne Draumkvedetradisjonen i hovudsak er eit plate-og konsert-fenomen. I samband med dette har han og Eno óg intervjua Sondre Bratland, Kim André Rysstad og Berit Opheim Versto om deira interesse for materialet.
Sjølv trekk han særleg fram den ”klokkereine framføringa” til Berit Opheim Versto på innspelinga frå 2009. Ingebrigtsen skriv at denne CDen står i ”ei estetisk særklasse”, og er ”opphøgd på grensa til det metafysiske, på same måte som ein på 1800-talet idealiserte folkediktinga frå middelalderen”.
Folkemusikk.no anbefaler gjerne denne artikkelen. Av andre innslag i bladet kan vi trekke fram ein teikneserieversjon av ”November” med Odd Nordstoga, historia om black metal-bandet Mayhem sin Interrail-turné i Tyrkia i 1990 og ei pilketur-reportasje med Truls Heggero frå Lukestar.
Artikkelforfattar Espen Ingebrigtsen er frå Bergen, og tek for tida ein Ph.D. i tysk litteratur.
Eno nr. 1 / 2011 er på 100 sider, og kan kjøpast i laussal hos Narvesen, eller på utvalde stader rundt om i landet. Interesserte kan lese meir om det nye musikkmagasinet på denne heimesida.