Det doble platesleppet under Landskappleiken 2011 blir på Nordgarden, rett ved Dyrskuplassen.

- Torkjell Haugerud åtte denne garden. Han er også ein av kjeldene på den nye produksjonen mine -saman med dei andre seljordspelemennne som var på sine høgder i 1935; nemleg Eilev Smedal, Eivnd Mo, Kjetil Flatin, Harald Manheim og Høye Kvåle, seier Per Anders Buen Garnås.

Sylvartun Folkemusikk vil samstundes sleppe CDen "Førnesbrunen" med Hauk Buen og Hallvard T. Bjørgum, samt ein DVD med Jørgen Tjønnstaul med fleire. Arrangementet finn stad klokka 14 på fredagen, og er eit samarbeide mellom Sylvartun Folkemusikk og ta:lik.

Innspelinga av "Seljord anno 1935" føregjekk i Bø kyrkje i mars i år, med Anders E. Røine som produsent og innspelingsleiar. 21 slåttar blei spela inn, og 17 av dei kom med på plata. Dei fire som blei til overs kan interesserte alt no høyre på heimesida til Per Anders Buen Garnås.

CD-prosjektet er eit resultat av at ta:lik sette opp platekontrakt til vinnarane av A-klasssa i hardingfele og vanleg fele på Landskappleiken på Voss i 2010. Også under Landskappleiken i Seljord har ta:lik sett opp slike premiar, samstundes som Etnisk Musikklubb gjer det same for vinnarane av beste langeleikspel og i B-klassa for hardingfele.

Heimesida til Per Anders Buen Garnås, der du også kan sjå videoar frå plateinnspelinga, finn du på denne lenka. Nettsidene til Landskappleiken i Seljord er som alltid her.