- I motsetnad til dei andre nordiske landa, er svært lite originalmateriale frå Noreg blitt publisert, skriv Norsk Kulturåd i samband med løyvinga til Norsk Visearkiv.
Middelalderballadane levde i ein munnleg tradisjon, og derfor finst dei i fleire variantar. Prinsipielt er alle meiningsfulle variantar likeverdige og ingen variantar er rettare enn andre. Variantane kan samlast i typar.
-I Noreg er det registrert 250 typar, og dei 800 000 kronene skal brukast til å publisere 70 av desse balladetypane, heiter det.
Norsk kulturråd legg i si innstilling særleg vekt på at tilgangen til det norske balladematerialet frå middelalderen per i dag er avgrensa for både forskarar og eit allment publikum.
Prosjektet er eit samarbeid med bokselskap.no, og dei ferdigskrivne visene skal publiserast der i slutten av 2012. Tidlegare har Norsk Visearkiv også vore med på å jobbe fram ein eigen ballladedatabase.
Norsk visearkiv er eit kompetansesenter for norsk vise- og songtradisjon, og driv med formidling og forsking på norske viser og norsk songtradisjon.Fast tilsette er Astrid Nora Ressem, medan Elin Prøysen jobbar deltid for arkivet. Liv Kreken Kvalnes er arbeidande styreleiar.
Norsk Visearkiv står bak ein rekkje publikasjonar, og har utarbeidd eit eige viseregister med over 70 000 referansar. Dei tek hand om fleire samlingar, og har m.a. eigen boksamling, handskriftsamling og skillingstrykksamling. Dei står og bak den morosame og svært lesverdige bloggen Visearkivaren.
Heimesida til Norsk Kulturråd finn du her. Norsk Visearkiv har denne nettsida, og driv også den informative og ofte oppdaterte bloggen Visearkivaren. Nettsida til Bokselskap.no finn du her.