Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.
Audhild Flaktveit Moxnes var sjølv aktiv utøvar på hardingfele og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i barneleikarring, og i ung alder byrja ho å spele hardingfele. Audhild hadde mange vener i folkemusikkmiljøet, og slik sett vil ein minnepris utdelt til andre unge kjennast rett. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, og ho vart berre 17 år gammal. Starten på fondet er knytt opp mot ”Ein sjeldan blome”, minnekonserten i Gimle, Bergen, 10. mars 2006.
Minneprisen skal i år delast ut på Vestlandskappleiken 2011, og er på kr.10.000,-. Styret for minneprisen ber no om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.
Frist for innsending av forslag er 15. september 2011.
Forslag skal sendast til:
Bergen ungdomslag Ervingen,
Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
Eller på e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no
Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2011”.
Tidlegare vinnarar av Audhild Flaktveit Moxnes Minnepris har vore Ingeborg Hollekim Bringslid (2010), Maria Skjeldrum Toppe (2009), Erlend Apneseth (2008) og Alexander Aga Røynstrand (2007). Interesserte kan lese meir om bakgrunnen for prisen på denne sida hos Bergen Ungdomslag.