I 13-års alder kom Arne Anderdal med i Hemsedal Spelemannslag, der Knut Fausko, Egil Syversbråten og Kjell Syversbråten var dei viktigaste lærarar. I spelemannslaget fekk han oppleve møte med spelemenn og musikarar av mange slag. Her rådde ein låg terskel for deltaking, der samspelfaktoren var høg.
Særleg Knut Fausko var den som drog Arne med og som var årsaken til at han held fram med fela. Utover det gode miljøet i Hemsedal kom han og raskt i kontakt med spelemannsmiljøet i resten av Hallingdal. Og sidan då har musikk frå Hallingdal vore basis i hans repertoar.
På denne plata er det meste av innhaldet musikk som har har vore lite brukt dei siste åra. Ein finn og musikk henta frå trekkspeltradisjon. Trekkspelet var det viktigaste instrumentet brukt til dansemusikk i Hemsedal helt frå tidleg på 1900-talet. Anderdal har jobba mykje med dansespel og spelt for mange gode dansarar på kurs og kappleik.
Alle åra med fela har vore ei samanhengande leiting etter god musikk. Gjennom å ta ein utøvande bachelor i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet i 2008, fekk han høve til å studere diverse kjelder frå Hallingdal. Han er og tilsett ved Ole Bull Akademiet og busett på Voss.
Plata inneheld 9 kutt der Arne spelar for det meste springarar frå fleire kjelder i Hallingdal. På resten av plata er hans medmusikarar i gruppa Godsruta med, der dei i lag har arrangert diverse musikk. Namnet på gruppa og plata er inspirert av spelemannen Trond Wøllo, som i ei årrekkje var sjåfør på godsruta mellom Hemsedal og Gol.
I Godsruta finn vi Erlend Styve (bass og diverse gitarar), Anders Hall (hardingfele og bratsj), Leif Ingvar Ranøien (torader) og Olav Undeland (gitar, dobro, banjo og vokal). Innspelinga vart gjort på Fausko Skysstasjon i juni 2011 med Tor Magne Hallibakken som lydmann.
Plata vart lansert 3. september på Fausko Skysstasjon under Fauskivalen 2011. Det er Etnisk Musikklubb som er utgjevar. Du kan lese ein reportasje frå Fauskivalen på denne lenka.