Groruddalen, drabantby i Oslo på slutten av 70-talet: Vi er på Rødtvet, i Rasmus Engers vei nummer 1, eit bustadhus som mange andre.

Stoppar du opp på singelen utanfor inngangsdøra, kan du høyre sprø tonar innanfrå, tonar frå ei hardingfele.

- Jeg var jævlig flau over at fatter’n spelte fele, særlig hvis andre fikk høre det.

Anders dreg handa gjennom lyse, tjukke krøller og pratar brei Grorud-dialekt.

Jau, Anders og broren Niels var flaue over faren, Harald, sitt spel. Men det hende iblant at faren tok med seg fela inn på rommet deira på kvelden og spelte dei i søvn. Anders minnest ikkje at han var flau då.

Og han minnest bestefar Arne og munnharpa hans som Anders alltid fekk lyd i, og øyra mot bordplata når bestefar spelte langeleik. Vibrasjonane frå strengene via treverket i bordet som ein døyvd klang av tonar frå ei anna tid.

Han minnest også Veitvet Musikkskole og gitarspelet, Lillebjørn Nilsens gitarbok, seinare Black Sabbath, 80-tals heavyrock og ACDC. Den fyrste gitaren fekk han av faren, ein gamal, liten gitar som seinare skulle bli fast følgje på fest.

folkemusikk_logo_sort_smal

Ein gong hadde Anders spelt seg god og varm og fekk det for seg at no skulle gitaren knusast på ekte rockenroll-vis. Han løfta gitaren over hovudet, klar til knus, då litt fornuft rann tilbake og han sansa seg. Seinare fann han ut at gitaren var ein gamal forløpar til den vidgjetne Washburn-gitaren, laga i Chicago på slutten av 1800-talet. Gitaren er i dag restaurert og er ein del av Anders si rikhaldige instrumentsamling.

Det var moglegvis ungdomssløvsinn som ramma Anders etter vidaregåande og militæret. Kjensla av at toget går, men du er ikkje med.

- Eg gjekk med avisa i tre timar, elles sat eg inne og spelte gitar. I helgene var eg ute. Eg hadde ingen planar for framtida.

Det høyrer med til historia at det forsvann nokre syklar i Groruddalen på denne tida. Dei gneg med rustne kjeder på samvitet hans den dag i dag. Men om ikkje Anders hadde planane klare, så hadde foreldra hans eit forslag. Slik hamna 20-åringen i Alaska. Han måka store mengder snø, fiska og studerte engelsk og improvisasjon ved universitetet i Fairbanks. Og han spelte gitar sjølvsagt, spelte og spelte.

Vel heime att var ikkje Anders nærare svaret på kva han skulle gjera med livet sitt, men syklane på Rødtvet fekk stå i fred. Anders fekk seg ein ”døll” jobb som han kallar det, nemleg badevakt på Tøyenbadet. Dette syntest han var så ulideleg at han valde å ta imot eit råd frå storebror Niels:

- Niels sa: “ Du burde gå i Rauland.” Eg hadde ikkje peiling på kva han prata om, men søkte likevel og kom underleg nok inn. Eg tok med meg gitaren og reiste på eit studium som viste seg å handle om folkemusikk. Rett før eg reiste, stakk far min til meg ei munnharpe. Eg drog fram denne og tenkte at eg skulle segle gjennom studiet med den, eg hadde jo alltid fått lyd på munnharpa, så det skulle ikkje vera nokon big deal.

Så kom Ånon Egeland med ei samling gamle opptak av munnharpeslåttar. Han forstod no at det han kunne, var ein drope i eit hav av teknikkar og tradisjonar. Og han forstod at folkemusikken, som han alltid hadde vore flau over, ville bli ei ny stor dille. Samstundes spelte han slåttemusikk på gitar.

På Rauland var det også lytteprøver som gjekk ut på å kjenne att felestiller. For å forstå konseptet lånte Anders ei gamal fele og testa ut felestillene. Han skulle ikkje byrje å spele, trudde han. Det eine tok det andre, og snart forstod han at slåttemusikk var kulare på fele enn på gitar, og med det var sjela seld.

Dette er første del av eit større intervju frå Bladet Folkemusikk, nr. 5 / 2010.  Del to finn alle interesserte her, medan den tredje og siste bolken er å lese her.