Publikum kan kjøpe Årboka til spesialpris i kveld for 100 kroner, og dei som er medlemmer av FolkOrg, får boka.

I år er utøving – konsertering – eit gjennomgåande tema i Årboka. Tre godt vaksne folkemusikarar fortel om lange karrierar i musikkens og dansens teneste.  Ida Habbestad har intervjua ei rekkje folkemusikarar om å skrive eigen musikk, Håkon Asheim har skrive om den folkemusikalske arven etter Ole Bull, og Knut Buen har skrive om eit av folkemusikkens tydelegaste svar på Ole Bull, nemleg Lars Fykerud.

Det vert fortalt om Fykerud at han kunne gå av scena og gje publikummarar ei munnleg overhaling om han ikkje syntest dei følgde godt nok med på konserten. Om dette ikkje er typisk framferd på folkemusikk-konsertar, så kan ein kjenne att typen.  Den skarpskodde felespelaren med ein god replikk klar ytterst på tungespissen vil alltid vere populær blant folkemusikkpublikummet, sjølv om mykje anna har endra seg med konsertformen frå 1800-talet og til i dag.

Magne Myhren har elles skrive ei grundig artikkel om låttetilfanget i Hallingdal med Hardingfeleverket som utgangspunkt. Alle interesserte i hallingspelet vil finne mykje godt lesestoff – og ny informasjon – i denne artikkelen.

  • Tid: Torsdag 28. april. Dørene opner klokken 20.
  • Arrangement: FOLK på torsdag. Riksscenen, Schous kulturbryggeri, Oslo
  • Billettsalg: www.riksscenen.no og ved døra.